Kjempesmell etter innføring av Helseplattforma

2 months ago 13


Helseplattforma er eit felles journalsystem for helsetenesta i Midt-Noreg, men innføringa har fått hard kritikk. Innføringa skapte store problem for St Olavs hospital i 2023.

Då styret i Helse Midt-Norge i desember i fjor vedtok at Helseplattforma skulle innførast ved dei fire sjukehusa i Møre og Romdal, var det stikk i strid med det direktøren i Helse Møre og Romsdal ville.

Olav Lødemel og resten av styret i Helse Møre og Romsdal meinte det ville vere for risikabelt for pasientar og tilsette å ta i bruk det nye journalsystemet i april 2024.

Før sommaren varsla administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Olav Lødemel, kraftige omstillingar til hausten. Han uttalte at innføringa av Helseplattforma har vore svært krevande for dei tilsette.

Underskot

Helse Møre og Romsdal hadde eit meirforbuk i august på 39,4 millionar kroner i forhold til resultatkrava. Det går fram av ein rapport til styremøtet onsdag i neste veke.

Meirforbruket er i stor grad knytt til innføringa av Helseplattforma, skriv administrasjonen i rapporten.

Samla er det estimert at dei økonomiske konsekvensane av innføringa av Helseplattforma er i underkant av 350 millionar.

Jourmalsystemet blei tatt i bruk ved dei fire sjukehua og institusjonane til Helse Møre og Romsdal i april.

NRK har vore i kontakt med Helse Møre og Romsdal. Administrerande direktør Olav Lødemel har ikkje høve til å kommentere saka.

Bekymra tillitsvalde

Helseføretaket styrer mot eit meirforbuk på ein halv milliard kroner i 2024.

For at prognosen ikkje skal forverrast ytterlegare må ein lukkast med omstilling slik at Helse Møre og Romsdal held budsjettet resten av året, skriv administrasjonen.

Helse Midt, som ved

I juli blei det kjent at norske helseforetak brukte 1,3 milliardar kroner på konsulentar i 2023. Nesten ein halv milliard har gått til Helseplattforma.

Tillitsvalde har uttrykt bekymring for pasienttryggleiken på grunn av innføringa av journalsystemet.

Føretakstillitsvald Igor Jokic har stadig prøvd å få svar frå styret på kor mykje innføringa av Helseplattforma ville koste, men meiner han aldri har fått konkrete tal. Han er ikkje overraska over dei enorme kostnadene.

– Dette har vi åtvara om i lang tid. Vi har forsøkt å formidle dette, men det har vore formidla for døve ører, seier Jokic. Han meiner det er pasientane i Møre og Romsdal som kjem til å tape på dette når det kjem kuttforslag.

Overstyrt av Helse Midt

Allereie no er det kjent at tilbodet for pasientar som treng brystkirurgi står i fare fordi legar har slutta etter innføringa av journalsystemet.

Helse Møre og Romsdal vedtok først å utsette innføringa av journalsystemet fordi dei frykta for pasienttryggleiken, men blei overkøyrt av Helse Midt-Noreg.

– Det som er veldig oppsiktsvekkende er at Helse Midt overstyrte alt av råd og ønsker fra Helse Møre og Romsdal, inkludert eit styrevedtak. Og no, i ettertid, seier dei frå seg alt ansvar og krever at vi skal komme i gang så fort som mulig med innsparingstiltak, seier Jokic.

I styredokumenta til Helse Midt-Noreg kjem det fram at dei forventar at Møre og Romsdal løyser dei økonomiske vanskane sjølve.

Publisert 13.09.2024, kl. 12.32

Read Entire Article