Kjelder til NRK: Brenna klar for å overta

17 hours ago 4


Brenna er i dag arbeids- og inkluderingsminister i Støre-regjeringa og nestleiar i Arbeidarpartiet.

Ho er den som oftast har blitt nemnd som ein arvtakar etter Støre. Ho er klar til å ta over, dersom Støre trekker seg, stadfestar kjelder i Arbeidarpartiet til NRK. Også DN og TV 2 har meldt dette i dag.

– Det er ikkje ei aktuell problemstilling at eg på nokon som helst måte skal utfordre Jonas Gahr Støre.

Det slo Brenna fast då ho blei spurt om den interne misnøya med partileiaren tidlegare i dag.

Også den andre Ap-nestleiaren, helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre, blir av kjelder nemnd som eit alternativ.

I går kunne NRK erfare at sentrale Ap-toppar diskuterer internt om Støre bør halde fram som statsminister og partileiar. Fleire meiner han bør trekke seg før landsmøtet i april.

Både TV 2 og VG rapporterte om det same.

Publisert 03.12.2024, kl. 16.23 Oppdatert 03.12.2024, kl. 16.24

Read Entire Article