Keepertabbe då MFK gjekk på årets første tap

5 months ago 48


Molde Fotballklubb fekk kampens første mål, men tapte til slutt 1 – 2 for Odd på Aker Stadion i kveld.

Kristian Eriksen scora for MFK etter 33 minutt, men Odd utlikna berre nokre minutt seinare ved Bork Bang-Kittilsen.

Keepertabbe

Men det var verkeleg i andre omgang at det ikkje heilt gjekk vegen for Molde.

Molde-keeper Jacob Karlstrøm serverte vinnarmålet til Odd 20 minutt før slutt. Han rota til eit tilbakespel og andre klareringa rett i ein Odd-spelar.

Returen blei plukka opp av 17 år gamle Faniel Tewelde, som sette ballen i eit opent mål.

Dermed vann telemarkingane 2–1 og MFK fekk sesongens første tap etter å ha vunne dei tre siste kampane.

Dei to baklengsmåla var også dei første som Molde har sleppt inn i år.

Publisert 17.04.2024, kl. 20.12 Oppdatert 17.04.2024, kl. 20.19

Read Entire Article