78 år gamle Karen Rafteseth Dokken måtte tørke tårene då ho nyleg forklarte seg i Oslo tingrett. Ved ein feil fekk ho med seg feil baby heim frå fødestova, og først i 2021 fekk ho vite kva som hadde skjedd. Det var eit sjokk.
Sist veke kom neste slag. Då blei både staten og kommunen frikjende for ansvar.
No ankar ho.
– Det er først og fremst vanskeleg å leve med denne dommen. Dommens premiss er svært knappe og etter vår meining ikkje juridisk haldbare, seier advokat Sølvi Nyvoll Tangen.
– Korleis vurderer de den økonomiske risikoen?
– Det er alltid ein proseessrisiko å gå til retten, det er det i alle saker. Men dette er ei sak vi trur at vi kan vinne fram med.
– Klart menneskerettsbrot
Mads Andenæs ved Universitetet i Oslo er professor i rettsvitskap og ein av landets erfarne juristane i landet på menneskerettar.
Han meiner at konklusjonen til Oslo tingrett er feil.
– Eg er usamd med tingretten. Barneforbytinga i 1965 er eit klart menneskerettsbrot. Det gjeld også den etterfølgande behandlinga av saka av offentlege instansar, seier professor Mads Andenæs ved Universitet i Oslo.
Avviser at saka er forelda
Karen Rafteseth Dokken og dei to forbytte babyane gjekk til rettssak og bad om å få slått fast at dei var utsette for brot på menneskerettane. Dei bad også om erstatning for det dei har vore utsette for.
Først blei babyane forbytte. Nesten 20 år seinare sette stat og kommune i gang hemmelege granskingar av familiane, men fortalde ingen av dei om det.
Nyleg slo dommen i Oslo tingrett fast at saka er forelda. Det er Andenæs usamd i.
– Etter mi meining har styresmaktene brote retten til familieliv etter EMK-artikkel 8. Krava er ikkje forelda, og borna og foreldra har krav på erstatning og fastsettingsdom. Uansett skulle verken styresmaktene eller domstolen ha belasta born eller foreldre med sakskostnader, seier han.
I England tok helsevesenet ansvaret
Nyleg fortalde BBC om to kvinner som blei forbytte som babyar i 1967. Der har det britiske helsevesenet tatt ansvaret for feilen, og forhandlar no med partane om kor stor erstatning dei skal ha.
Kommunikasjonsmedarbeidar Adrian Ient skriv i ein e-post til NRK at det britiske helsevesenet, NHS, har vedgått brot på omsorgsplikta etter å ha granska saka.
Ient vil ikkje kommentere den parallelle saka i Noreg eller seie noko om dei har vurdert forbytinga i England som brot på menneskerettane.
Advokat Sølvi Nyvoll Tangen har merka seg saka i England.
– Vi synest det er veldig overranskande at stat og kommunen ikkje går i dialog med dei involverte, seier ho.
Publisert 03.12.2024, kl. 15.43