Anna Malkenes har kjent på at konsekvensen for å vise støtte til Palestina kan vere større i utlandet enn heime.
Ho og åtte andre studentar på campus i Menton i Frankrike, risikerer å miste studieretten ved prestisjeuniversitetet Sciences Po, etter å ha demonstrert til støtte for Palestina.
– Eg opplever at ytringsfridomen min er krenka, og at desse sanksjonane mot oss er skremselstaktikk, seier Malkenes til NRK.
Til Klassekampen, som omtala saka først, seier Sciences Po at studentane har brote interne reglar ved å hindre drift av universitetet. Spesifikt ved å forstyrre eksamenane i vår.
– På grunn av dette er saka tatt vidare til universitetet sin disiplinærseksjon. Dette er i tråd med den franske utdanningslova, som forbyr blokadar, skriv dei vidare.
NRK har kontakta universitetet gjentatte gonger utan å få svar.
– Forskjellsbehandling
Til NRK forklarar Malkenes at dei var nøydde til å markere seg under eksamensperioden, fordi leiinga ved universitetet venta til slutten av semesteret med å avslå krav studentane hadde stilt.
Eit av krava var at leiinga kuttar band til Israel, og at universitetet bruker «riktig språk» om krigen, som å kalle krigen på Gaza eit folkemord, fortel Malkenes.
Ho seier at studentane då «improviserte sin eigen dialog», fordi universitetet avslo krava og ikkje ville prate med dei.
Dei sette opp teltleir inne på universitetet, arrangerte studentmøte, laga skilt, spelte musikk og hadde ope bibliotek.
I haust blir det avgjort om Malkenes og dei andre blir kasta ut av universitetet for å ha uroa eksamen.
Malkenes meiner leiinga slår hardare ned på pro-palestinske markeringar, enn demonstrasjonar mot pensjonsreforma eller ein tidlegare rektor, på grunn av prestisje og frykt for å miste økonomiske middel.
– Det er heilt klar forskjellsbehandling, seier Malkenes.
Studentforeininga ved universitetet oppfordrar no alle studentane ved universitetet om å støtte dei 25 studentane som står i fare for å bli utviste i haust.
– Sanksjonering av studentar for å delta i blokadar og okkupasjon vil vere utan sidestykke i Sciences Po si historie, skriv studentforeininga.
Politisk press frå høgste hald
Fleire franske politikarar har lagt press på universitetet for at dei skal slå hardare ned på pro-palestinske demonstrasjonar.
I vår fraus hovudstadsregionen Île-de-France pengestøtta til Sciences Po sitt campus i Paris fram til «ro og sikkerheit» var retta opp på skulen. Presidenten i regionen hevda også at ei gruppe spreidde antisemittisme, skriv NTB.
Den fransk-jødiske studentunionen hevda at eit medlem blei nekta tilgang til eit auditorium som var okkupert av pro-palestinske studentar under eit solidaritetsarrangement i Paris i mars. Det avviste dei protesterande studentane, skriv Politico.
Frankrikes president Emmanuel Macron kalla det «ubeskrivelege og heilt uakseptable utsegner». Statsminister Gabriel Attal møtte leiinga ved på skulen og kravde tiltak for å kontre «ein aktiv og farleg minoritet».
Amnesty: – Urovekkande
I vår sa Amnesty International at måten styresmakter i Europa slår ned på pro-palestinske demonstrasjonar er urovekkande.
Minst 12 EU-land har brukt overdrivne tiltak, heiter det i ein rapport frå European civic forum.
I USA er 3100 personar arresterte eller haldne att av politi etter å ha deltatt i slike demonstrasjonar på universitet og høgskular, sidan midten av april, skriv New York Times.
Frankrike meir pro-Israelsk
Den franske offentlegheita er mykje meir pro-israelsk enn det norske, ifølge Kristin Skare Orgeret, professor ved institutt for journalistikk og mediefag på Oslo Met.
Etter Hamas sitt terrorangrep mot Israel 7. oktober, forbaud Frankrike demonstrasjonar til støtte for Palestina. I fleire tilfelle har forbodet blitt tolka så strengt at fransk politi har bøtelagt bruk av «palestinaskjerf», fortel Orgeret.
Al Jazeera har publisert ein video av ei kvinne som får bot.
Orgeret understrekar at innanriksministeren seinare sa at forbodet må vurderast frå sak til sak, men at det enno er veldig strenge reglar.
Ein grunn til at Frankrike slår hardare ned på pro-palestinske ytringar (og klede) enn Noreg, er at det er mykje jødehat i Frankrike, meiner forskaren. Landet er også på det høgste nivået av terrorberedskap.
– Det har vore fleire direkte angrep på jødar. Vi hugsar terrorangrep mot det jødiske supermarknaden i Paris for nokre år sidan. Det er ein del av bakteppet her, seier ho.
Orgeret legg til at Frankrike er heimlandet til dei største muslimske og jødiske minoritetane i Europa. Og at styresmaktene ikkje ønskjer at konflikt på fransk jord.
– Samstundes er det eit paradoks at ein snevrar inn rommet for pro-palestinske utspel såpass mykje, seier ho.
Er ytringsfridomen trua?
Ytringsfridomsekspert Anine Kierulf meiner det er klart dårlegare kår for pro-palestinske ytringar enn det burde vere «ein god del stader».
Det er uansett urovekkande at folk får inntrykk av at pro-palestinske ytringar blir behandla ulikt enn andre bodskap, meiner Kierulf.
– Blant ein del av dei som støtter palestinarane si sak, så finst det element som er villige til å bruke vald.
Det kan føre til eit anna sikkerheitsfokus enn i andre demonstrasjonar, men rettferdiggjer ikkje å slå ned på fredelege demonstrasjonar, meiner Kierulf.
Kierulf seier summen av reaksjonane mot pro-palestinske ytringar er ein urovekkande tendens, fordi ytrings- og demonstrasjonen demonstrasjonsfridomen er grunnleggjande demokratiske rettar, som skal bli varetatt av alle europeiske land.
– Fungerer reaksjonane avkjølande på viljen til å ytre seg eller å demonstrere?
– Nokon vil la vere å seie ting dei elles ville sagt, eller delta i demonstrasjonar dei elles ville deltatt i. Andre kan bli enda sintare av slikt, svarar Kierulf.
Uansett om ho får behalde plassen på universitetet sitt eller ikkje, kjem Anna Malkenes til å halde fram å demonstrere og ytre seg om krigen i Gaza.
– Eg ser på det som veldig viktig å stå i det som skjer no, seier ho.
Publisert 26.08.2024, kl. 18.16