Kan bli den finaste 17. mai på 50 år

4 months ago 41


– Mykje sol! Det kan bli den varmaste 17. mai på mange år.

Slik oppsumerer statsmeteorog Jon Smits 17. mai-vêret i Noreg.

Ifølgje Meteorologisk institutt vil det vere overskya berre heilt nord i Finnmark og på Spitsbergen. Temperaturane ligg an til å bikke 20 grader så langt nord som Troms.

– Best bunadsver blir det kanskje i Longyearbyen der 2000 personar feirar 17. mai. Her blir det overskya ver og temperaturar like under null grader, seier han.

I Sør-Noreg blir det mykje sol, men kanskje ikkje skyfritt overalt.

– Sør i landet blir det truleg temperaturar rundt 25 garder og nokre stader over dette.

17. mai i Oslo 2024

OSLO: Strålande sol og mykje folk på Karl Johan

Foto: Javad Parsa / NTB

Spent på om det blir rekord

Han seier det blir spennande å følgje med utover dagen.

– Den varmaste temperaturen nokon gong er i Gvarv i Telemark i 1980. I går var det faktisk 28,5 grader i Steinkjer, så det blir spennande å følge med på temperaturen utover dagen.

Og totalt sett når det gjeld både temperatur og nedbør må vi tilbake til 1973 for å finne ein like fin 17. mai som i år.

– I 973 var det berre bitte litt regn i Noreg, så dette året bryner seg litt på denne.

Gode råd

Og med ein varm dag dei fleste stader i Noreg, er det viktig å tenke på å få i seg mest mogleg væske.

– Helst utan altfor mykje med alkohol. Og hugs på solkremen. Det gjeld særleg dei som er i fjellet. Dei må passe ekstra på for der er UV-strålinga ekstra høg, seier John Smits.

17. mai i Florø

FLORØ: Flagget vaier i finveret i kystbyen Florø.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

Endringar i pinsa

Resten av pinsa blir truleg ikkje like fin i delar av Noreg. Lengst nord blir det regn frå Finnmark til Møre og Romsdag, medan lenger sør i Noreg blir det sol pinseaftan.

1. pinsedag endrar vinden seg slik at det blir lågare temperaturar,

– Det blir- bygevêr og snøgrensa vil falle kraftig, og det kan bli sludd og snø heilt ved kysten i Troms og Finnmark og i høgda i Nordland. Det blir regn i Trøndelag og Møre og Romsdal, men ein god del sol i resten av Sør-Noreg

2. pinsedag held fram med byer lengst nord i landet.

– Sørover blir det vekslande ver. Det blir framleis ein god del sol i resten av Sør-Noreg, men temperaturen kan falle.

Ver obs på brannfaren

Og med ein 17. mai og ei pinsehelg som ser veldig bra ut vêrmessig, så har Smits ei påminning til folk.

– I Sør-Noreg er det tørt etter lange periodar med tørt ver. Så pass på ved bruk av open eld ute. Ta grillinga på ein sikker stad, oppmodar han.

17. mai i Ålesund

ÅLESUND: Festpynta og glade folk i 17. mai-tog.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

17 mai Kristiansund

KRISTIANSUND: Også i Møreg og Romsdag skin sola.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Publisert 17.05.2024, kl. 11.40

Read Entire Article