Johaug vurderer dotter-grep – flyktar til fjells ved sjukdom

2 months ago 19


Therese Johaug er i full gong med opptrappinga inn mot VM-sesongen etter at ho annonserte comebacket tidlegare i sommar.

Tida langrennsdronninga har til overs, før det brakar laus i Trondheim om vel fem månader, utnyttar ho maksimalt. For som småbarnsmor kan ho konstatere – tida er dyrebar.

Klokka har så vidt passert ti idet ho kjem springande opp trappene i nasjonalanlegget i Holmenkollen for eit intervju med NRK.

Framleis iført både skisko og hjelm.

Før det har 36-åringen rokke å levere dottera Kristin i barnehagen. Ho har også gjennomført den første treningsøkta for dagen på rulleski.

«Det er denne tidsklemma», påpeikar ho.

therese johaug

HEKTISK KVARDAG: Therese Johaug er for alvor tilbake i rampelyset og får kjenne på alt det inneber.

Foto: Eirik Fure / NRK

– Korleis får du kvardagen til å gå opp på nåverande tidspunkt?

– Det er hektisk, men ein må berre vere utruleg strukturert og dedikert. Nå har Kristin begynt i barnehagen og eg gjer unna to økter før eg hentar ho.

– Det blir veldig kort tid mellom første- og andre økta. Samtidig får eg større restitusjonstid på ettermiddagen og kvelden, til dagen etterpå, påpeikar ho.

«Kan eg klare det her?»

For etter at comebacket blei allment kjent har det meir eller mindre gått i eitt for Johaug, som sjonglerer livet mellom det å vere toppidrettsutøvar og småbarnsmor.

På toppen av det heile varetar ho eige varemerke og drar på sponsoroppdrag.

Men la det ikkje vere nokon tvil – når Johaug først har bestemt seg, ser ho seg sjeldan tilbake.

Therese Johaug

COMEBACK: Therese satsar inn mot VM i Granåsen, men avviser planar om OL i Milano.

Foto: Ragna Kristine Sandholt / NRK

– På ein måte kjente eg at det var veldig godt for hovudet og berre ta ei avgjerd. Sei det høgt til seg sjølv og sei det høgt til andre. Eg kjenner at det siste vesle «kicket» er i kroppen nå.

– Kva kjente du da det blei offisielt at du gjer comeback?

– Først var det sånn: «Shit, shit, shit, kva er det eg har gjort?». Plutseleg var eg tilbake igjen. Eg begynte å tenke: «Herregud, kan eg klare det her? Er eg heilt på villspor?», men så måtte eg berre stole på magekjensla mi og stole på at eg trur at det er mogleg, seier ho.

Kunne aldri i verda tilgitt meg sjølv

Blant utøvarar som har sett spørsmålsteikn ved comebacket til Johaug er svenske Calle Halfvarsson.

cq5bnZ219Mw

SKEPTISK: Calle Halfvarsson set spørsmålsteikn Johaug-comeback.

Foto: NTB

– Ein kan tenke begge vegar at «ho har vunne så mykje, korleis og kvifor skulle ho gjere det igjen?» sa Halfvarsson til svenske Expressen og fortsette:

– Men samtidig er det noko i å vinne, det å lykkast er som eit dop. Du vil tilbake til det igjen når du har vore der. Du vil prøve å halde på det så lenge som mogleg.

Johaug sjølv understrekar at hovudgrunnen til at ho la opp i 2022 ikkje kom mangel av på motivasjon, men først og fremst eit inderleg ønske om å bli mamma.

– Eg kunne aldri i verda tilgitt meg sjølv viss eg hadde satsa og prøvd nokre år etterpå og ikkje blitt gravid.

Historia har vist at det heile gjekk fint. For 17. mai i 2023 kom vesle Kristin til verda.

Men samtidig mista ho identiteten sin som langrennsløpar. Noko som etter kvart blei eit sakn, sjølv om det tidvis var uaktuelt å komme tilbake, forklarer Johaug.

Korleis er det å gå og kjenne på det saknet?

Det er liksom noko som manglar. Eg er jo eit konkurransemenneske og den femmila i Trondheim, som skal arrangerast for første gong i ein meisterskap. Femmil veit jo alle er del av langrennshistoria i Noreg. Det er folkesjela, så eg har lyst til å prøve meg på henne, seier ho.

– Nå er det jo berre seks månader igjen.

Vurderer å ta dottera ut av barnehagen

Skal ein tru dei fysiske testane Johaug har gjennomført både på rulleski- og løpemølle er alt mogleg.

Therese Johaug i Holmenkollen

I FULT DRIV: Therese Johaug rekk å trene to økter før ho hentar dottera i barnehagen på ettermiddagen.

Foto: Ragna Kristine Sandholt / NRK

For på nåverande tidspunkt viser tala at skiløparen frå Dalsbygda, som har ti individuelle VM-gull og fire OL-gull, er tilbake i gammal storform.

– Også er det ikkje dermed sagt at eg kjem til å gå fort på ski til vinteren, påpeikar ho noko beskjedent.

Likevel gir gode resultat sjølvtillit mot målet om å ta eitt historisk femmilsgull i Granåsen.

På vegen dit må det også gjerast harde prioriteringar. Ektemannen, Nils Jakob Hoff, jobbar framleis 100 prosent som lege, fortel Johaug.

Det kjem han til å gjere heilt fram til Beitostølen, så har vi igjen noko permisjon som vi skal ta ut frå slutten av november, først på desember, og til etter VM. Også får vi sjå da om Kristin skal gå i barnehagen i vinter, eller om vi må ta henne heim, seier Johaug og fortset:

Fram til nå prøver vi berre eksponere meg for alt mogleg, slik at eg skal bygge opp immunforsvaret mitt.

For med ein ny «sjef» i huset er det ikkje alt Johaug kan kontrollere sjølv, påpeikar ho.

– Det kjenner eg er litt utryggleiken nå.

– Har de lagt nokon plan for kva de gjer om ho skulle bli sjuk nå?

– Når det begynner å nærme seg sesong, så har vi jo hytta på Sjusjøen. Enten så flyktar dei dit, eller så flyktar eg dit. I kvart fall viss det begynner å nærme seg skirenn, så er det jo veldig dumt når ein først skal gjere det her.

Therese Johaug og Nils Jakob Hoff står utenfor Røros kirke med hendene i været og feirer at de akkurat har giftet seg.

FÅR STØTTE: Nils Jakob Hoff og Johaug gifta seg i Røros kyrkje på nyttårsaftan 2023.

Foto: Skjermdump fra Instagram / Camilla Andersen

Så er det jo greitt å prøve å unngå, viss det blir magesjau i heimen, så treng ein ikkje å oppsøke det. Det er jo ikkje dermed sagt at ein blir dårleg, men det er dumt viss ein sit der med skjegget i postkassa.

Vi er veldig innstilte på det begge to.

Viss alt går etter planen skal Johaug gå nasjonal opning på Beitostølen i slutten av november, og dessutan dei etterfølgande verdscuprenna i finske Ruka og Lillehammer. Ho droppar Tour de Ski og verdscuprenna i høgda etter jul.

Merknad: Vi gjer merksame på at Therese Johaug var langrennekspert for NRK dei to siste sesongane. Arbeidsforholdet stansa tidleg på våren 2024 da ho gjorde comeback som utøvar

Publisert 12.09.2024, kl. 18.26 Oppdatert 12.09.2024, kl. 18.30

Read Entire Article