Laurdag ettermiddag la Israels utanriksminister, Israel Katz, ut dette innlegget på X:
«Vassar i dei norske fjordane medan han jobbar for å få på plass ein iransk- og Hamas-styrt terrorstat som trugar Israels eksistens. Jonas Gahr Støre, det kjem ikkje til å skje» skriv Katz.
Snart 115.000 har sett innlegget, og meir enn 1000 har likt det.
– Dette hadde eg ikkje forventa av Katz, det er veldig uheldig. Eg vil tru at det er meir innanrikspolitisk motivert enn noko anna, seier tidlegare ambassadør i Tel Aviv, Kåre Aas.
Han har alltid opplevd israelarane som «frigjerande» direkte og frittalande, men meiner at retorikken dei har brukt mot Noreg den siste tida «blir for dryg».
Statsminister Jonas Gahr Støre vil ikkje kommentere innlegget.
Skuldar Noreg for antisemittisme
Innlegget er siste utspel i ei rekke tordnande skuldingar frå den israelske regjeringa.
Noreg er ikkje aleine om å kritisere Israels krigføring i Gaza, eller okkupasjonen av palestinske territorium. EU, FN og fleire arabiske og muslimske land har gjort det same.
– Likevel verkar det som om Israel har gjort Noreg til hovudrepresentanten for det dei ser på som ei kritisk fløy i Europa, seier seniorforskar Jørgen Jensehaugen ved Institutt for fredsforsking (Prio).
AFP
Noreg og Israel sidan mai
Den norske regjeringa blir stadig hardare i klypa med Israel når det gjeld krigen på Gazastripa og okkupasjonen av palestinske territorium.
Israel straffar Noreg, både i ord og handling.
Sveip for å lese meir.
Cicilie Sigrid Andersen / NRK
Tolka Palestina-anerkjenning som terrorstøtte
23. mai annonserte Jonas Gahr Støre at Noreg ville anerkjenne Palestina som ein eigen stat.
– Ein veldig trist augneblink for forholdet mellom Israel og Noreg, var responsen til Israels ambassadør i landet.
Netanyahu skulda Noreg for å belønne terror, og henta heim ambassadøren.
AFP
Lova fleire konsekvensar
I dagane som følgde lova Israel fleire konsekvensar for Noreg.
– Dei bestemte seg for å gi ein gullmedalje til mordarane og valdtektsmennene i Hamas. Vi vil vise dei kva for ei forvridd avgjerd regjeringa deira har tatt, sa utanriksminister Israel Katz.
Ukjent
Espen Barth Eide er uønskt i Israel
I juli blei Espen Barth Eide erklært uønskt i Israel.
– Eg har registrert at Noregs utanriksminister vil besøke Israel, og til det må eg berre seie at han ikkje er velkomen, sa David Mencer, pressesjef for Netanyahu.
– Noreg, vi har nok jødehatarar lokalt i Hamas i Gaza. Vi treng ikkje importere støttespelarane deira frå utlandet, la han til.
Eirik Pessl-Kleiven / NRK
Tydeleg imot israelsk annektering
I juli avgjorde Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ) at Israel bryt med folkeretten når dei okkuperer Vestbreidda og Aust-Jerusalem, og kalla det annektering.
Espen Barth Eide har vore hard i ordbruken når han omtaler okkupasjonen.
Han har sagt at Israel «set seg fullstendig på sida av folkeretten» i politikken sin.
AP
Sende brev til ICC
I august sende regjeringa eit brev til Den internasjonale straffedomstolen (ICC) som fekk Israel til å sjå raudt.
Fleire land meinte at ICC ikkje kan skrive ut arrestordre på israelske statsleiarar, fordi Israel ikkje er medlem av domstolen.
Regjeringa skreiv, som part i Osloavtalen, at det er opp til domstolen sjølv å vurdere kven dei vil straffeforfølge.
AFP
Trekte diplomatisk status
Israel svarte med å fjerne den diplomatiske statusen til dei som jobba på Noregs representasjonskontor i Al-Ram på Vestbreidda.
I praksis fungerte kontoret som ein ambassade, og var viktig for å gi bistand til palestinarar samt og i arbeidet for ei tostatsløysing.
– Dei som angrip oss vil måtte betale ein pris, sa Israel Katz.
NRK
Kalla den israelske regjeringa ytterleggåande
– Eg blir berre meir inspirert til å jobbe for ein palestinsk stat av den typen reaksjonar som Netanyahu-regjeringa kjem med, var Eides kommentar då den norske regjeringa såg seg nøydde til å stenge kontoret i Al-Ram.
Han kalla regjeringa for «den mest ytterleggåande i Israels historie».
Det dreier seg for det meste om utsegner der Noreg blir skulda for å føre ein antisemittisk politikk.
Men dei har også straffa Noreg politisk, ved å erklære utanriksminister Espen Barth Eide uønskt Israel, og å i praksis utvise norske diplomatar frå Noregs «ambassade» på Vestbreidda.
– Det har verkeleg eskalert frå Israel si side, seier Jensehaugen.
Han meiner utsegnene frå den israelske regjeringa tidvis er nokså usaklege, men at det er urovekkande at dei blir følgt opp av politiske handlingar.
Treng ein fiende
Israel er i hardt internasjonalt vêr om dagen.
- Styresmaktene er under gransking for folkemord på Gazastripa i Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ)
- ICJ har slått fast at Israels okkupasjon av Vestbreidda og Aust-Jerusalem er annektering og bryt med folkeretten
- Ein aktor i Den internasjonale straffedomstolen (ICC) har bede om arrestordre på både Netanyahu og Hamas-leiarane
– Store delar av verda mistar sympatien dei ein gong hadde med Israel, på grunn av krigføringa i Gaza. Då er det fint å ha ein beskyttelsesmekanisme i form av ein fiende, seier Jensehaugen.
Jo meir den israelske regjeringa greier å framstille Noregs kritikk som eit døme på at heile verda er imot Israel, jo meir kan dei avvæpne kritikken dei får, trur forskaren.
– Men det er kritikkverdig at dei køyrer den linja, når dei veit godt at Noreg verken hatar jødar eller er antisemittiske, seier tidlegare ambassadør Kåre Aas.
Eide har skulda Netanyahu-regjeringa for å bruke antisemittisme som beskyttelse mot all kritikk, og seier det ikkje lenger fungerer.
Alle tapar litt
Aas meiner Israel hadde vore tent med å ha ei anna haldning til Noreg, trass dei ulike syna på konflikten i Midtausten.
– Men det er først og fremst palestinarane som tapar på dette. Dei, og alle som ønsker å finne ei politisk løysing og ein våpenkvileavtale, seier han.
Jensehaugen trur at også Noreg tapar ein del – men at det hadde blitt ei form for tap uansett kva den norske regjeringa hadde gjort no.
– Noregs rolle i ein teoretisk fredsprosess blir jo vanskelegare, det same gjeld for rolla vi har hatt som bistandskoordinator for palestinarane. Noreg har lenge trådd veldig varsamt og latt Israel diktere spelereglane, for å få lov til å hjelpe palestinarane.
Likevel har situasjonen for palestinarane i Gaza og på Vestbreidda blitt verre.
Det er difor regjeringa no vel å vere tydelegare på kva dei meiner om Israel sin okkupasjon av palestinske territorium og krigføring på Gazastripa, har Eide tidlegare sagt til NRK.
– Skal ein oppretthalde eit fallande skip, eller skal ein ta hardare politiske grep for at ting skal betre seg? Det siste kan utløyse ein så hard straff frå Israel at ting blir verre for palestinarane likevel. Det er eit utruleg vanskeleg dilemma, seier Jensehaugen.
Kunne Noreg ha vore rausare?
Noreg har fordømt terrorangrepet mot Israel 7. oktober 2023, som blei planlagt og gjennomført av fleire islamistiske jihadistgrupper, mellom dei Hamas, som styrer Gazastripa.
Men regjeringa somla litt. Jonas Gahr Støre brukte fire dagar på å slå fast at dette var eit terrorangrep, utført av ein terrororganisasjon.
Den israelske regjeringa har skulda den norske for å ikkje ha fordømt angrepet i det heile tatt, sjølv om dette ikkje stemmer.
– Vi kan ikkje sjå vekk frå at Noreg var for seint ute her. Israelarane kjenner kanskje på at vi ikkje har hatt den same responsen som andre europeiske land. Dei spør seg nok om Noreg ta tryggingsutfordringane deira på alvor, trur tidlegare ambassadør Aas.
Hadde Israel møtt Noreg annleis om regjeringa hadde gjennomført den same politikken, men pakka han inn i meir medkjensle for israelarane?
Jensehaugen trur ikkje det.
– Nei. Her har vi ei israelsk regjering som er slik skrudd saman at dei ville reagert skarpt uansett kva slags språkpakke ein brukte, seier han.
Interessert i utanriksstoff? Høyr utanriksredaksjonen sin podkast, Urix:
Publisert 25.08.2024, kl. 20.36