Israel kallar heim diplomatar frå Irland og Noreg

4 months ago 30


75 år etter at Noreg anerkjente Israel som stat, blir Noreg no det 144. FN-landet som også anerkjenner Palestina.

Israel kaller heim diplomatar frå Irland og Noreg, melder AFP.

Frå Mdg-leiar Arild Heimstad seier dette er ein gladnyheit.

– Regjeringa gjer det einaste rette og anerkjenner Palestina som eigen stad. Dettte er ikkje ein dag for tidleg, men det har ei god symbolsk effekt.

Også Raudt-leiaren Bjørnar Moxnes seier dette er veldig bra.

– Samstundes held det ikkje å anerkjenne Palestina om vi samstundes let Israel utføre eit folkemord mot Pealstinarane.

I november stemte Stortinget over eit forslag frå Raudt om å anerkjenne Palestina. Det ville ikkje regjeringspartia gå med på.

Men eit breitt fleirtal på Stortinget kunne gå med på eit kompromiss, nemleg at regjeringa skulle førebu seg på å anerkjenne Palestina idet det kan ha ein positiv innverknad på ein fredsprosess mellom Israel og palestinarane.

Regjeringa kan bestemme å anerkjenne Palestina som stat på eigehand, og det gjorde dei i dag.

Publisert 22.05.2024, kl. 08.49 Oppdatert 22.05.2024, kl. 08.52

Read Entire Article