IDF har trekt seg ut av Jenin – massive skadar på infrastruktur

1 month ago 10


Fredag morgon trekte israelske styrkar seg ut frå byen Jenin på Vestbreidda. Det melder det palestinske nyheitsbyrået Wafa.

Lokale bebuarar som Al Jazeera har snakka med, fryktar at tilbaketrekkinga berre er midlertidig.

Dei israelske styrkane skal ha reist til nærliggande militærpostar, noko dei også har gjort tidlegare i operasjonen.

ein øydelagd veg

JENIN: Ein mann filmar øydeleggingane etter at israelske styrkar flerra opp asfalten med ein bulldosar.

Foto: Zain Jaafar / AFP

«Bastion for palestinske militante»

Den hittil ti dagar lange såkalla «antiterror-operasjonen» har vore retta mot palestinske militante nord på Vestbreidda, særleg konsentrert mot flyktningleiren i byen Jenin.

AP skildrar leiren som ein bastion for palestinske militante, både for Hamas og Islamsk heilag krig. Fleire palestinske opprør har hatt sitt utspring frå Jenin-leiren.

menn med våpen går ned ei gate

JENIN: Palestinske krigarar deltar i gravlegginga av fem menn drepne i israelske angrep, 5. september.

Foto: Jaafar Ashtiyeh / AFP

Leiren blei oppretta for å huse fordrivne palestinarar etter opprettinga av Israel i 1948, og har vakse seg til å bli ein tettbygd by. Som ein del av den israelske okkupasjon av Vestbreidda, har Jenin vore okkupert av Israel sidan 1967.

Forholda i krigen er særs dårlege. Ifølge UNRWA har Jenin-leiren den høgste raten av arbeidsløyse og fattigdom på Vestbreidda.

eksplosjon sett i eit byggefelt på ei fjellside

Ein eksplosjon sett frå avstand i den palestinske byen Jenin, torsdag 5. september.

Foto: Majdi Mohammed / AP

Minst 39 drepne

Palestinske helsemyndigheiter melder torsdag at minst 39 personar har blitt drepne.

Mohammed Zubeidi, sonen til Zakaria Zubeidi, er ein av dei drepne. Faren blir sett på som eit symbol på palestinsk opprør, og var lenge ein av Israels mest etterlyste. I 2021 klarte han å rømme frå israelsk fengsel, men blei fengsla på nytt, og sit framleis inne.

Ifølge IDF blei Zubeidis son drepen i eit luftangrep i samband med eit raid mot palestinske militante.

to menn med bind for auga blir arresterte av militær

Israelske soldatar arresterer to palestinske menn nær byen Tulkarem 28. august.

Foto: Jaafar Ashtieyh / AFP

Førre veke blei norsk-palestinske Wissam Khazem drepen i eit angrep i Jenin. Ifølge IDF var han kommandør i Hamas.

Israelske styrkar har utført raids og angrep også mot andre byar på Vestbreidda i løpet av militæroperasjonen, særleg mot byen Tulkarem.

Operasjonen blir sett på som den dødelegaste operasjonen på Vestbreidda sidan krigen starta.

ei kvinne og ein mann ber med seg ring. dei går på øydelagd asfalt

Palestinarar flyktar heimane sine i samband med israelske raids mot flyktningleiren i Tulkarem.

Foto: Nasser Nasser / AP

Drap på sivile og øydelagd infrastruktur

Men fleire av dei drepne har vore sivile. Ei 16 år gammal jente blei denne veka skoten av ein israelsk skarpskyttar i huset sitt.

I tillegg blir det meldt om store skadar på kritisk infrastruktur. Vann- og straumforsyningar har blitt kutta og videoar på sosiale medium viser bulldosarar som flerrar opp vegane.

Direktør i Palestinsk raude halvmåne, Mahmoud al-Saadi, seier til den israelske avisa Haaretz at dette har gjort det utfordrande å hjelpe såra personar.

– Det er vanskeleg for ambulansane å komme seg rundt, til og med i område der styrkane har trekt seg ut, som følge av skadane på vegane og infrastrukturen.

menn sit utanfor eit bygg med skadar

Palestinske menn sit framfor ein butikk som blei øydelagd i eit israelsk raid i flyktningleiren i byen Tulkarem, 5. september.

Foto: Nasser Nasser / AP

78 år gamle Wasfiya Rahaima fortel til nyheitsbyrået Reuters at ho aldri har sett liknande.

1948, 1967, alle intifadaene. Eg har ikkje sett noko som dette. Dei har brukt å skyte og alt sånn, men bulldosarane er nye, og skadane er massive.

Det israelske forsvaret hevdar til nyheitsbyrået AP at dei flerrar opp gatene for å øydelegge eksplosiv.

Publisert 06.09.2024, kl. 07.20

Read Entire Article