Hjelpetelefonar blir ringt av folk som onanerer: – Alt som er ulovleg er litt ekstra spennande

5 months ago 29


Emilie har jobba hos hjelpetelefonen til Mental Helse i 17 år. Der har ho blitt ringt av folk som har stort og smått på hjartet.

Alt frå dei som engstar seg for om dei aldri får kjæraste, til dei som har gjort tabubelagde lovbrot.

– Det er mange ting vi skal takle, seier Emilie.

Det inkluderer nokre gonger meir enn det bør.

– Kanskje det er noko gale med meg

Emilie fortel at nokon gonger byrjar innringjaren å puste tyngre og tyngre.

– Det er ikkje alltid lett å oppdage og ikkje alle oppfattar det.

Kanskje høyrer ein at noko skjer.

– Då seier vi at dei har ringd feil telefon, høfleg og ikkje avvisande. Det er jo ein telefon for alle, så ein må jo vere forsiktig, seier Emilie.

Kvinna heiter ikkje Emilie i verkelegheita. NRK kjenner identiteten hennar, men av omsyn til teieplikta så vil ho vere anonym.

Mental helse

Emilie er tilsett i Mental Helse og jobbar ikkje frivillig, men for frivillige trur ho at det kan vere endå meir ubehageleg.

Foto: Lorentz Berg / NRK

Sjølv tykkjer ikkje Emilie at det er noko spesielt ubehageleg når ho blir ringd av menn som ynskjer seksuell tilfredsstilling av samtala.

– Kanskje det er noko gale med meg, men eg tykkjer det er trist. Dei er kanskje einsame, slit med å få kjæraste og er frustrerte.

Emilie trur ikkje det treng å vere noko gale med innringjarane, og at det kanskje berre handlar om spenninga.

Trur grensesetjing verkar spennande

Dagleg leiar for Mental Helse svartenester, Aslaug Timland Dale, seier problemet er at dei som ringjer med seksuelle føremål, tar opp plassane til dei som treng nokon å prate med.

Likevel så skjer det ikkje at Mental Helse legg på.

– Vedkomande vil få beskjed om at dette ikkje er ei slik type telefonteneste. Så informerer vi om at dei må kontakte nokon andre.

Kva får folk ut av å ringje ei slik telefonteneste?

 Eskil Wie Furunes / NRK

Dale seier hovudproblemet er at telefonkøen blir unødvendig lang og at det tek lengre tid før dei som treng hjelp får det.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Den tydelege grensesetjinga hos oss er for nokon kanskje ein ekstra trigger. Det er det ikkje noko tvil om, seier Dale.

Ho trur at den tydelege beskjeden om at det ikkje er greitt, gjer heile opplevinga ekstra spennande for nokon.

– Då kan ein jo høyre at vedkomande utfører seksuelle handlingar med seg sjølv.

Slike telefonar er ikkje Mental Helse åleine om å slite med.

Arbeidarar trenar på å avslutte slike samtalar

I fjor gjennomførte Kirkens SOS over 160.000 samtaler. 700 av dei handla om seksualitet.

– Nokon av desse samtalane var med personar som fyrst og fremst ønska seksuell tilfredsstilling, seier generalsekretær i Kirkens SOS, Lasse Heimdal.

Han fortel at slike samtalar ikkje er ukjent for større samtaletenester.

Hjelpetelefon pride

Heimdal seier at det ikkje er ei ukjent problemstilling.

Foto: William Jobling / NRK

– Våre medarbeidarar blir trente i å avslutte eller endre slike samtalar.

Heimdal seier at deira frivillige kan rettleie folk til andre hjelpetenester med spisskompetanse.

Trass i det har ikkje Heimdal problem med å sjå at dette er eit av fleire tema som frivillige kan oppleve som vanskeleg å stå i.

– Og særleg samtalar der seksuell tilfredsstilling blir opplevd som målet for sjølve samtalen.

Kirkens SOS

Heimdal fortel at dei frivillige i Kirkens SOS har ein debrief etter vakta om korleis dei har det og kva dei har opplevd. Slik førebyggjer dei at den frivillige tar med seg vanskelege samtaler heim. Personen på biletet er ein frivillig.

Foto: William Jobling / NRK

– Det er jo trakassering

– Alt som er ulovleg er litt ekstra spennande og drivande for begjæret, og er nok også ein stor trigger.

Det seier Live Mehlum, sexologisk rådgjevar i Samlive.

Samtidig slit mange med å finne seg partnar, nokon å ha sex med og saknar nokon å vere med.

– Det å høyre ein stemme kan vere det som lindrar saknet.

Live Mehlum, sexologisk rådgjevar

Mehlum trur at personane som ringjer hjelpetelefonar med seksuelle føremål, treng hjelp til å forstå grenser.

Foto: john-andre samuelsen / john-andre samuelsen

At det ofte kan vere ein bakanforliggande grunn som einsemd, mangel på seksualpartnar eller psykisk helse, er det ingen tvil om, meiner Mehlum.

Likevel meiner ho det er viktig at ein klarer å leggje på, fordi det er viktig med grensesetting i slike situasjonar.

– Det er jo trakassering.

– Kan ikkje tvinge eige seksuelt behov på andre

– Det er mange utfordringar som kan ligge bak kvart enkelt individ som gjer dette.

– Men handlinga er tett på samtykkeproblematikken.

Ho meiner at personane treng hjelp til å forstå at ein ikkje kan tvinge eige seksuelt behov på andre personar.

Eit svart headset med mikrofon ligg på eit skrivebord med eit tastatur ved sidan av. Mikrofonen er i fokus, so ein ser ikkje kva som står på papira som ligg i bakgrunnen.

For å lære folk grensesetting, meiner Mehlum at fellesskapet må ta grep.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit

– Å respektere grenser og sette grenser må ein byrje å lære barna når dei er små.

At det har blitt enklare å gøyme seg bak ein skjerm, gjer det desto viktigare.

Er ein vaksen og føler at ein ikkje har heilt grep om grenser rundt seksuell åtferd, finst det mange gode kjelder kor ein kan lære om det.

– Då bør ein bruke politiet sine nettsider, der er det oversikt over lovgjeving. I tillegg bør ein lese seg opp på kva seksuell trakassering er og sjekke ut nettsider om grenser og samtykke.

Hei!

Har du tanker, tips eller en historie du vil dele? Da vil jeg veldig gjerne høre:) Send meg en e-post! 

Publisert 11.05.2024, kl. 12.31

Read Entire Article