Her kunne dei fått varme rett frå fjorden, men då blir renta høgare

4 months ago 47


På Skudeløken i Førde skal 270 leilegheiter reise seg.

Sidan vassboren varme er den enklaste og mest miljøvennlege måten å avlaste kraftnettet på, kjem oppvarminga rett frå Førdefjorden, berre nokre steinkast unna.

Nei, vent.

Det var i ei ideell verd.

I den verkelege verda har utbyggaren rekna på det og komme til at fjernvarme-alternativet blir for dyrt.

Forklaringa er det Energikommisjonen karakteriserer som eit straumparadoks:

At fjernvarme kjem så dårleg ut i Energimerkeordningen at kravet til «grønt lån» ryk.

Resultatet er høgare rentesats for bustadkjøparane (sjå forklaring under).

Det kan vi ikkje ta sjansen på, seier initiativtakar til den nye bydelen, Bjarte Roska.

Han presiserer at fjordvarme ville vore det beste og mest «sytalause» alternativet, men at omsynet til kundane – som betaler rekninga – må gå føre.

Det er synd, men sånn er det, seier Roska.

På Skudeløken i Førde skal 270 leilegheiter reise seg. Men utbyggaren har rekna på det og komme til at fjernvarme-alternativet blir for dyrt.

Video: Steinar Lote

– Justeringa kan ikkje komme fort nok

Liv Kari Skudal Hansteen i Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF) seier dei økonomiske insentiva praktisk talt «tvingar byggeigarane til å velje varmepumpe, sjølv om dei ønsker fjernvarme».

Systemet må endrast, seier ho.

Og det er teikn til at ho blir bønnhøyrd.

Regjeringa seier til NRK at dei vil «rette opp i den utilsikta konsekvensen av dagens ordning».

Vi treng meir kraft, og da kan vi ikkje velje bort løysingar som speler på lag med kraftsystemet, seier energiminister Terje Aasland.

Han legg til at forslaget til endringar vil kome «før sommarferien».

Målet er å sikre at fjernvarme kjem betre ut, men korleis og kor mykje er framleis eit ope spørsmål.

Justeringa kan ikkje komme fort nok, seier Aleksander Frøyen, som er ansvarleg for fjernvarmeløysinga i Førde.

Bakom syng ein ny Sintef-rapport som seier at Noreg kan frigjere 17 terawattimar om norske huseigarar sluttar med «straumsløseriet» og går over til vassboren varme.

17 TWh er nesten halvparten av det Energikommisjonen seier at Noreg må komme opp med for å møte klimaforpliktingane i Parisavtalen.

Terje Aasland Energiminister (Ap)

Allan Klo

Terje Aasland, energiminister

– Vi vil sende forslaget på høyring før sommarferien. Regjeringa er opptatt av å rette opp i den utilsikta konsekvensen av dagens ordning som medfører at aktørar som ønsker A-bygg har vanskeleg for å velje fjernvarme. Det er viktig fordi vi treng meir kraft, og da kan vi ikkje velje bort løysingar som speler på lag med kraftsystemet.

LIV KARI SKUDAL HANSTEEN

Nicolas Tourrenc

Liv Kari Skudal Hansteen, Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF)

– For å oppnå gunstige finansielle vilkår ser byggeigarane seg tvinga til å velje varmepumpe, sjølv om dei ønsker fjernvarme. Regjeringa bør difor endre dagens system. Dette for ikkje å diskriminere gode energiløysingar.

Aleksander Frøyen Eviny Termo AS

Eviny

Aleksander Frøyen, Eviny Termo AS

– Denne problemstillinga er dessverre ikkje ny. Vi opplever at mange utbyggjarar vel vekk fjernvarme for å klare karakter A eller B i energimerkeordninga. Det vi bruker mest straum på her i landet er oppvarming av bygningar på vinterstid. Den raskaste og mest effektive måten å få ned straumforbruket er å utnytte energikjelder som avlastar straumnettet.

Linda Ørstavik berg energipolitisk rådgivar Huseierne

Huseierne

Linda Ørstavik Öberg, Huseierne

– Det er ikkje tvil om at det er stort rom for forbetringar i dagens energimerkeordning, og det er heilt avgjerande at ny energimerkeordning harmoniserer med EUs regelverk. Vi meiner at ein enklare og meir treffsikker ordning kan auke forståinga til forbrukarane, bruk og nytte av ho. Vi er derfor opptatt av å få på plass ein god, enkel, forståeleg og mest mogleg nøyaktig energimerking av bustader.

Oda T. Gipling fungerande leiar i Norsk Fjernvarme

Norsk Fjernvarme

Oda T. Gipling, fungerande leiar i Norsk Fjernvarme

– Det hastar med å rydde i barrierane for fjernvarme og utnytting av overskotsenergi. Energimerkeordninga er nå ein byråkratisk hemsko for å avlaste kraftnettet. Det er heilt nødvendig å stoppe straumsløseriet. Da må Energimerkeordningen for bygg formast slik at han ikkje er i disfavør av utnytting av overskotsvarme og utbreiinga av fjernvarme.

 Andreas Strømsheim-Aamodt, NHO Elektro

Moment Studio

Andreas Strømsheim-Aamodt, NHO Elektro

– Formålet med energimerkeordninga er å sikre at forbrukarane gjer meir informerte val som reflekterer eigne miljømessige og økonomiske behov. Vi oppfordrar derfor NVE og Energidepartementet til å bevare sluttbrukarperspektivet i vidareutviklinga av Energimerkeordningen, og åtvarar derfor mot å likestille fjernvarme og bygningsinterne varmepumper.

Ove Trellevik

Bård Siem

Ove Trellevik, Høgre

- Energimerkeordning for bygningar må premiere og stimulere til utnytting av overskotsvarme, lågverdige energikjelder og berekraftig bioenergi frå kollektive energiløysingar som fjernvarme, nærvarme eller fjernkjøling. Ei endring som tar omsyn til dette vil gi sterkare insentiv til å spare straum, avlaste kraftnettet og utnytte lokale varmekjelder i større grad enn i dag.

Eit skrekkeksempel på gammaldagse ordningar

Stortingsrepresentant for Høgre, Ove Trellevik, kallar bustadprosjektet i Førde eit «skrekkeksempel» på korleis «gammaldagse og byråkratiske ordningar» bremsar det grøne skiftet.

Det er uheldig for bustadkjøparane, og høgst problematisk for energisystemet i ein landsdel der næringslivet står i kø for å få tilgang til meir kraft, seier han.

NVE tok i fjor til orde for å likestille fjernvarme med oppvarmingsløysingar basert på varmepumper.

Sidan justerte dei kursen og sa at full likestilling vil gavne bransjeinteresser meir enn forbrukarane.

Linda Ørstavik Öberg i Huseierne peikar på det same.

Ho er «skeptisk til ein skjønnsmessig politisk vekting av de ulike energiberarane» som berre vil skape «forvirring».

Poenget med Energimerkeordninga er å gi forståeleg informasjon om energiytinga til bygget, slik at eigar kan ta opplyste val i tråd med behova, seier ho.

Bruk av politiske vektingsfaktorar kan ha motsett effekt.

Statsminister på valgkamp.

Stortingsrepresentant for Høgre, Ove Trellevik, kallar bustadprosjektet i Førde eit «skrekkeksempel» på korleis «gammaldagse og byråkratiske ordningar» bremsar det grøne skiftet. Her saman med Erna Solberg.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Kan føre til høgare driftsutgifter

Andreas Strømsheim-Aamodt i NHO Elektro seier at Energimerkeordningen først og fremst er til for å rettleie forbrukarane – ikkje for å oppnå politisk vedtatte mål.

Da er det viktig at merkinga reflekterer dei reelle kostnadene.

Fjernvarme kan vere ei praktisk og miljøvennleg løysing i enkelte situasjonar, men kan også føre til vesentleg høgare driftsutgifter samanlikna med lokale oppvarmingsløysingar.

Prisen på fjernvarme er i dag regulert av Energilova som seier at prisen ikkje skal overstige prisen på elektrisk oppvarming. Men NVE har gjort eit poeng av at pristaket ikkje fungerer som det skal.

Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL) meiner det er «heilt urimeleg at prisen på fjernvarme går opp med straumprisen uavhengig av produksjonsprisen».

I eit høyringssvar til ny prismodell skriv dei at dagens regime skaper «innelåste kundar» og at det «hemmar innovasjon og nytenking».

Publisert 13.05.2024, kl. 14.54

Read Entire Article