Her gjer dei mest for å førebu seg på klimaendringar

3 months ago 31


For andre år på rad har Noradapt rangert klimainnsatsen til norske kommunar og kven som har mest grunn til å slå seg på brystet.

Tala blei presentert i Arendal torsdag morgon og er brote ned på tre forhold:

  • Kor påverka kommunen er av klimaendringar i nær framtid (2050) og fjern framtid (2100)
  • Kor stor innsats kommunen legg ned
  • Kor stor «klimarisiko» kommunen spring i nær framtid og fjern framtid

Under kan du sjå kva kommunar som ligg best og dårlegast an.

Øvst i «innsats-kategorien» troner Stavanger.

Det er fantastisk gledeleg å få denne anerkjenninga for det viktige arbeidet vi gjer, og dei ambisiøse måla vi har sett oss, seier Stavanger-ordførar Sissel Knutsen Hegdal (H).

Mette Vabø er gruppeleiar for Venstre i Stavanger bystyre.

– Dette resultatet gjer meg stolt! seier ho.

– Vi jobbar målretta for å nå målet vårt om 80 prosent kutt samtidig som vi nå har blitt ein av Europas klimanøytrale byar.

Stavanger

– Denne prisen bekreftar at vi er på rett veg, men dette er eit arbeid vi jobbar kontinuerleg med, seier Stavanger-ordførar Sissel Knutsen Hegdal (H).

Foto: NTB

– Eg er positivt overraska

Sjølv om innsatsen varierer, konkluderer rapporten med at kommunane jamt over gjer ein god jobb.

Dei som er mest påverka er også dei med sterkast respons, seier NTNU-professor Jan Ketil Rød, som presenterte rapporten.

Ein annan av bidragsytarane, Carlo Aall ved Vestlandsforskning, seier at viljen til å tilpasse seg meir ekstremvêr er god – særleg i dei største byane.

I andre enden er kystkommunane på Vestlandet.

Desse får det verst. Her blir klimaendringane mest krevjande, og innsatsen for klimatilpassing er lågast, seier Aall.

Dagleg leiar i Norsk klimastifting, Lars-Henrik Paarup Michelsen, seier at kommunane må bli «flinkare til å sjå samanhengen mellom utsleppsreduksjonar, bevaring av natur og klimatilpassing».

Tatt i betraktning at klimatilpassing får mykje mindre merksemd enn det å kutte klimagassutslepp, må eg seie at eg er positivt overraska over at såpass mange kommunar gjer ein god jobb med klimatilpassing, seier han.

Borgar Aamaas

Baard Salvesen

Borgar Aamaas, forsker i Cicero Senter for klimaforskning

Forskarane har gjort ein god jobb med å talfeste klimarisiko, samtidig som det alltid vil vere ei forenkling. Ved bruk av andre indikatorar er det ikkje gitt at Vestlandet kjem verst ut. Ekstremnedbør og tørke kan bli ei større utfordring for delar av Austlandet.

Sissel Knutsen Hegdal

Øystein Otterdal

Sissel Knutsen Hegdal (H), ordførar i Stavanger

Stavanger er også ein av EUs 112 net zero cities, og eg er stolt av at eg som ordførar er plukka ut til å bli med i styringsgruppa for dette viktige prosjektet, eit arbeid eg gleder meg veldig til å jobbe med. Denne prisen bekreftar at vi er på rett veg, men dette er eit arbeid vi jobbar kontinuerleg med.

Mette Vabø

Joachim Goa Steinbru

Mette Vabø, gruppeleiar for Venstre i Stavanger

Vi har svært dyktige tilsette som jobbar hardt for å nå måla, samtidig som vi tar vare på naturen og sikrar oss mot klimaendringane som kjem. Dette resultatet gjer meg stolt!

Henrik Halleland

Øystein Otterdal NRK

Henrik Halleland (KrF), varaordfører i Stavanger

Dette viser at konstruktivt arbeid over tid nyttar. Stavanger bruker store ressursar på dette området. Greitt å få bekrefting på at det nyttar

Marie Pontoppidan

Bård Siem

Marie Pontoppidan, klimaforskar i NORCE

Mange norske kommunar gjer ein god innsats i klimatilpassingsarbeidet under til dels vanskelege arbeidsforhold. Det er fint om undersøkinga kan gi dei ein motiverande klapp på skuldra, men det er ingen grunn til å lene seg tilbake.

Det handlar om at folk skal kjenne seg trygge

I juni blei regjeringa kritisert av Riksrevisjonen for at dei ulike departementa ikkje snakka godt nok saman.

– Klimaendringane krev ei omfattande omstilling. Da er det avgjerande at departementa samarbeider. Undersøkinga vår viser at denne samordninga er for svak, sa riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Sidan 2019 har Riksrevisjonen undersøkt kor godt vi er tilpassa eit klima som blir villare og våtare.

I 2022 konkluderte dei med at myndigheitene ikkje har god nok oversikt over kor det kan bli meir flaum og skred, og at kommunane ikkje ser langt nok fram når dei lagar planar og risikoanalysar.

For å oppdatere kunnskaps- og avgjerdsgrunnlaget i møte med hyppigare og større flaumar sette Støre-regjeringa derfor ned ei arbeidsgruppe («Totalberedskapskommisjonen»).

– Klimaendringane gjer at det er kritisk at vi har gode verktøy for å førebyggje flaum- og skredskadar. Dette handlar om at folk skal kjenne seg trygge, sa olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Nordhordland

Austrheim i Vestland er blant kommunane som vil vere mest påverka av klimaendringar i fjern framtid (2100).

Foto: Eivind Senneset / NRK

Vi blir også påverka av klimaendringar i andre land

Den ferdige rapporten «No er det alvor – Rusta for ei uviss framtid» blei publisert i 2023. Blant tilrådingane er å styrkje det regionale nivået.

I tillegg har klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) lagt fram ei melding om korleis Noreg skal bli meir «klimarobust».

Blant tiltaka er «styrking av det lokale klimatilpassingsarbeidet».

Paarup Michelsen i Norsk klimastifting minner om at kommunane også må ta høgde for «grenseoverskridande klimaendringar».

Er det noko vi har lært dei siste åra så er det at vi i Noreg også blir påverka av klimaendringar i andre land, seier han.

Ekstremvêr i Asia har vist at det kan påverke forsyningskjeder som norske bedrifter er avhengig av. Tørke i Europa har redusert kraftproduksjonen, og dermed gitt høgare straumprisar også i Noreg, mens skogbrannar i Nord-Amerika har bidratt til dyrare tømmer.

Lars-Henrik Paarup Michelsen.

– Eit anna tema som kjem til å bli viktigare framover er den raske oppvarminga vi nå registrerer i havet. Her må kommunane søke kunnskap for å finne ut eiga sårbarheit, seier dagleg leiar i Norsk klimastifting, Lars-Henrik Paarup Michelsen.

Foto: Norsk klimastiftelse

Publisert 16.08.2024, kl. 10.30

Read Entire Article