Tidlegare har NRK fortalt at sjøfuglbestandane er i ein dramatisk nedgang.
Det har fått fleire til å bruke utestemma.
Planen for korleis fuglane skal bli redda blei nemleg bestilt allereie for åtte år sida, i 2016.
I førre veke blei hundrevis av sjøfugl ramma av oljesøl i Nord-Noreg. Mange av dei har ein sikker død i vente.
Stortingsrepresentant Geir Jørgensen i Raudt meiner dette er ein konsekvens av at handlingsplanen enno ikkje har kome.
– Vi ser at ein prøvar å legge seg på eit hurtigspor med havvindutbygging, gruvedrift til havs og ei mengde tiltak som kan vere skadeleg for sjøfugl.
Klima- og miljødepartementet lover at dei skal få ferdig ein handlingsplan i år.
Dei må berre få nok kunnskap først.
– Må koste å redde verda
Martin Eggen, naturvernrådgivar i fugleorganisasjonen BirdLife, fortel at det ser bekmørkt ut for sjøfuglen no. Tala talar for seg sjølv:
- Globalt har 70 prosent forsvunne på 50 år.
- I norske fuglefjell er det tilbakegang på 80 prosent på 50 år.
- Over 63 prosent av norske sjøfugl er på raudlista.
– No er gråmåke og fiskemåke, som eigentleg er vanlege artar som har vore talrike, trua artar, seier Eggen.
Fugleekspertane har varsla dette lenge. Allereie for 10 år sida varsla dei at det «brann på dass» for sjøfuglen.
– Ein føler seg makteslaus. Det er så mykje planar som gjer ting verre og legg press på naturmangfald, men det er veldig lite beskyttande tiltak.
Likevel lever Eggen og Bird Life i håpet. Dei trur det er mogleg å redde sjøfuglen. Men ikkje utan at det får konsekvensar for menneske.
– Vi har store forhåpningar for eit breitt spekter av grep. Ikkje berre i nokre få område som ikkje får konsekvensar for menneska sin utfolding, seier Eggen og legg til:
– Det må koste litt om ein skal redde veda.
KLD: – Ei kompleks oppgåve
Men ifølge regjeringa er ventetida snart over.
Statssekretær Kjersti Bjørnstad i Klima- og miljødepartementet skriv i ein e-post til NRK at dei framleis har som plan å ferdigstille handlingsplanen for sjøfugl i 2024.
– Kva tenker de det seier om den politiske vilja når det tar så lang tid før de får ferdig ein handlingsplan?
– God nok kunnskap til å forme ein best mogleg handlingsplan har vore viktigare enn å forsere arbeidet med handlingsplanen, skriv Bjørnstad.
– Kva er grunnen til at det tar så lang tid?
– Sjøfuglane består av mange forskjellige artar som blir utset for mange ulike påverknadar, seier Bjørnstad.
– Det er ein kompleks oppgåve å lage éin handlingsplan for alle desse ulike artane, og det har tatt tid å kome fram til eit godt kunnskapsgrunnlag.
Men ting har tatt tid. I 2017 fekk Miljødirektoratet i oppdrag å utarbeide eit forslag til handlingsplan. Dei skulle levere forslaget «innan sommaren 2019». Det var ikkje klart før i 2020.
Så blei forslaget forkasta.
– Kvifor blei utkastet forkasta?
– Departementet har undervegs i arbeidet sett at det er behov for å spisse kunnskapsgrunnlaget ytterlegare for å kunne gi best moglege grunnlag for å prioritere tiltak, skriv Bjørnstad.
– Vårt mål er at planen skal vere eit viktig bidrag i arbeidet med å snu den negative utviklinga for sjøfuglane.
BirdLife Norge blei overraska då utkastet til handlingsplanen blei forkasta i 2020.
Dei hadde tru på at forslaget var bra og hadde sjølv kome med forslag som å stanse nedbygging av fjæreområde og delta og gjere meir for å få ned antal mink.
– Det er mykje store ord om at vi skal få igjen tapte arter og snu ein negativ trend. Jo lenger ein ventar, jo vanskelegare blir snuoperasjonen, seier Eggen.
Kan vere ein indikator på miljøtilstanden
Også nokon politiske stemmer begynner å bli utolmodige. Dei meiner det ikkje kan ta så lang tid å innhente naudsynt informasjon.
I april stilte stortingsrepresentant i Raudt, Geir Jørgensen, skriftleg spørsmål i Stortinget.
Der spurte han om statsråden kunne garantere at Stortinget får den lenge venta handlingsplanen for sjøfugl til behandling i 2024. Svaret han fekk var ja.
– Sjøfuglane kan vere ein indikator på miljøtilstanden i havet, som vi alle kan vere bekymra for. Derfor har sjøfuglane ein heilt spesiell plass i dei marine økosystema.
Nett derfor meiner Jørgensen ein må ha ein plan for dei, før ein går vidare med planar om industrialisering av havet.
– Kva blir gjort for at økonomiske interesser ikkje blir prioriterte over økosystema sine behov?
– Regjeringa jobbar for å få ein betre oversikt over våre naturverdiar og betre kunnskap om korleis vi kan sikre sunne og robuste økosystem som har god tilstand, seier Bjørnstad i Klima- og miljødepartementet.
Dei hentar inn kunnskap gjennom mellom anna overvåkings- og kartleggingsprogram som Seapop og Seatrack.
– Korleis kan de sørge for at ein handlingsplan ikkje blir nedprioritert til fordel for næringslivsprosjekt?
– Eg har stor tru på at kommunane og andre vil vektlegge ein slik handlingsplan, samt anna naturfagleg kunnskap, når dei skal vurdere tilrettelegging for næringslivsprosjekt samtidig som dei tar omsyn til naturen, seier Bjørnstad.
Bjørnstad seier handlingsplanen for sjøfugl skal blir brukt av statsforvaltarar, kommunar og andre aktørar i deira arbeid med planlegging og avgjerder som gjeld sjøfuglbestandar, ifølge statssekretæren.
Men det trur ikkje Jørgensen i Raudt noko på.
– Hovudårsaka til at ting tar tid er at vekslande regjeringar synest å vere meir interessert i å industrialisere havet, både med havvind, offshore oppdrett og gruvedrift i havet, enn dei er i å ta vare på det faktiske økosystemet som vi har.
Eggen i BirdLife seier at sjøfuglane blir utsett for enorme belastningar mens dokumenta til regjeringa lar vente på seg.
– Det er mangelfulle ferdselsforbod, og mange planar for bruk av havet, seier han.
Publisert 22.05.2024, kl. 05.17