Hadia Tajik ønsker å stå på stortingslista til Oslo Arbeidarparti

2 months ago 13


I mars takka Tajik nei til ein ny periode på Stortinget for Rogaland. På same tid sette ho døra på gløtt for at ho kunne representere hovudstaden i staden.

– Politikk i ein eller annan form trur eg at eg kjem til å drive med, men det er mange måtar å drive politikk på, sa ho i mars.

I sommar melde ho seg inn i Oslo Ap, og onsdag skriv ho på Facebook at mange lokallag har bed om å få spele namnet hennar inn for nominasjonskomiteen i Oslo, og at ho har sagt ja til det.

– Eg er motivert til å vere ein del av laget, og bidra på den måten dei engasjerte medlemmane i Oslo Ap vil.

Kjenner seg heime i Oslo

Ho skriv også at ho blant anna vil kjempe for arbeidstakarar, kvinners rettar og at Noreg skal ta store og naudsynte grep i møte med klimakrisa.

Overgangen frå Rogaland til Oslo forklarer ho med at hovudstaden no har blitt hennar by, etter at ho har brukt snart halve livet sitt på studiar og politikk i byen.

– Men viktigast er likevel framtida. Dette er byen dottera mi veks opp i. Eg vil gjerne bidra til å gjere han best mogleg for dei neste generasjonane.

Publisert 11.09.2024, kl. 17.47 Oppdatert 11.09.2024, kl. 17.48

Read Entire Article