– Eg vart uroleg og oppskaka, seier Asmaa Jama.
Laurdag ettermiddag vart ho angripen då ho gjekk fremst i demonstrasjonstog til støtte for palestinarar på Gaza i Stavanger sentrum.
– Det skjedde så fort. Plutseleg ser eg ein mann komme mot meg. Han tek tak i flaggstonga og er aggressiv, fortel Jama til NRK.
Hendinga vart filma og lagt ut på Instagram-kontoen til Palestinakomiteen i byen.
Videoen viser at ein ung mann prøver å røske til seg eit stort Palestina-flagg frå kvinna fremst i demonstrasjonstoget.
Vidare ropar mannen «this is Europe», og på veg vidare viser han nazi-helsing og seier «Sieg Heil».
Han går vidare med ei kvinne, og begge roper ukvemsord mot toget, viser videoen.
Skal ha slått kvinne i hovudet
Jama fortel at ho nekta å gi slepp på flaggstonga.
– Eg vart så sjokkert. Sonen min på fem år vart ganske redd, fortel ho.
Kvinna som gjekk med mannen skal i tillegg ha gått til åtak på demonstrantar og ha slått Sandra Pedersen i hovudet med ein termos i metall.
Dette er ikkje fanga opp på videoen, men NRK får dette opplyst av Zaher Hammoudeh, som filma flagghendinga. Asmaa Jama, som bar flagget, og Pedersen sjølv, fortel det same.
Ho sit i styret til Palestinakomiteen i Stavanger.
Jama fortel at Pedersen kom bort for å hjelpe ho då mannen angreip ho.
– Så kjem venninna hans, og slår i hovudet hennar med ein termos, seier Jama.
Politiet undersøker mogleg kroppskrenking
Pedersen følte seg kvalm og uvel etterpå. Ho var først på legevakta, og så på akuttmottaket på sjukehuset for å bli undersøkt.
– Eg har det ikkje bra, seier Pedersen til NRK i 20.45-tida.
Hammoudeh er med Pedersen på sjukehuset, og opplyser at han har meldt saka til politiet.
Operasjonsleiar Helen Rygg Ims i Sørvest politidistrikt seier til NRK at dei har fått ei politimelding om saka.
Dei har tatt vitneavhøyr med Hammoudeh, og vil seinare avhøyre Pedersen.
– Vi opprettar sak om mogleg kroppskrenking, og har tatt imot videoane, seier Ims.
– Uakseptabelt med fysiske åtak
– Det var skummelt å oppleve, seier Hammoudeh.
Han fortel at Pedersen hadde andre planar i kveld.
– Men det ser ut til at ho må vere lenge på sjukehuset. Det er veldig dumt, seier han.
– Vi går fredeleg for å vise vår protest mot folkemordet i Gaza, og eg synest ikkje det er greitt at slikt skjer. Eg er litt stolt over at ingen av demonstrantane gjorde noko mot dei, men lét dei gå vidare, seier Hammoudeh.
Leiar for Palestinakomiteen i Stavanger, Ingebreth Forus, er opprørt.
– Det er uakseptabelt med fysiske åtak mot ein fredeleg demonstrasjon, seier han.
Forus såg ikkje det som skjedde, då han blei att på torget for å rydde etter ei markering der før toget.
Verken han eller Hammoudeh veit kven mannen og kvinna som skal ha gått til åtak på demonstrantane er. På videoen snakkar dei engelsk.
No vonar dei at politiet skal finne ut kven det er.
Operasjonsleiar Ims veit førebels ikkje kven dei to antekne gjerningspersonane er, men seier det er håp fordi ein ser ansikta deira godt på videoane.
NRK kjenner heller ikkje identiteten til dei to, og har ikkje fått kontakt med dei.
Ikkje opplevd liknande før
Palestinakomiteen har arrangert demonstrasjonar til støtte for palestinarane i Gaza sidan i fjor haust, men har ikkje opplevd liknande fysiske åtak før, fortel Forus.
– Vi har fått ukvemsord frå enkelte. Det toler vi godt, men fysiske åtak og skade på person, der går det ei grense, seier han.
Forus trur dei vil trenge meir politivakt framover.
– Vi arrangerer fredelege demonstrasjonar. Vi må snakke med politiet og diskutere oss fram til eit meir relevant politivern. I dag såg vi ikkje politiet. Vanlegvis er dei til stades, seier Forus.
Operasjonsleiar Ims i Sørvest politidistrikt seier ho ikkje veit om dei var til stades under demonstrasjonen laurdag, men at dei vurderer det frå gong til gong om dei skal vere der.
Publisert 17.08.2024, kl. 21.36 Oppdatert 17.08.2024, kl. 21.48