Togtrafikken på Nordlandsbanen er stengt mellom Åsen og Skatval i Trøndelag på grunn av ras og stein i sporet.
Det er ikkje kjent kor lang tid det vil ta å rydde opp, melder Bane Nor klokka 5.30.
Problema rammer også dei som reiser med Trønderbanen.
Stein på toglinja
Vidar Lian, Pressevakt hos togselskapet SJ Noreg fortel at det har kome ein stein ned på skinna.
Han bekreftar at strekningen er stengd og at Bane Nor opplyser at de ventar på geolog.
Utfordrande med alternativ transport
– Vi har store problem med å skaffe alternativ transport, fortel Lian.
Han peiker på at det er mykje som skjer i Trøndelag, mellom anna går havbruksmessa Aqua Nor av stabelen no.
– Mykje av transporten vi kan bestille er oppteken.
Lian kan ikkje med sikkerheit si kor mange det er som er ramma av situasjonen.
Nattoget frå Bodø skal no stå på Levanger stasjon.
Lokaltogene på Trønderbanen snus på Åsen og Skatval.
Publisert 21.08.2024, kl. 07.12 Oppdatert 21.08.2024, kl. 07.34