– Eg står utan kontrakt, og eg er framleis i mammapermisjon.
Det seier den 32 år gamle Rosenborg-spelaren Kristine Minde til NRK. Ho er éin av berre sju mødrer i Toppserien.
Det er berre Minde og Vålerenga-spelar Mimmi Löfwenius som er mødrer til to barn. I tillegg til dei sju, så er Brann-profil Cecilie Redisch Kvamme gravid.
Men etter mammapermisjonen går kontrakten til Minde med Rosenborg ut.
– Eg vil gjerne sleppe å tenke: «Oi, har eg kontrakt neste dag? Har eg ei inntekt neste dag?».
– At det berre skjer automatisk, og at du allereie kjenner deg ønskt av klubben, sjølv om du blir gravid og er mamma, det trur eg hadde vore ein fin tryggleik, seier Minde.
Ønsket om å stifte familie kan derfor vere éi av årsakene til at fleire kvinnelege fotballspelarar gir seg i ung alder.
Vålerenga einaste klubb med populært tiltak
Gjennomsnittsalderen i Toppserien er i dag 23 år. Til samanlikning er den 26 år i eliteserien for herrar. Hadde Minde spelt i Vålerenga, ville situasjonen vore annleis.
– Vi innførte ein protokoll for spelarar under og etter svangerskap hausten 2023 med automatisk kontraktforlenging, seier klubbdirektør for Vålerenga sitt damelag Harriet Rudd til NRK.
Enkelt samanfatta betyr dette ein heilt annan tryggleik for spelarar som ønsker å stifte familie.
– Protokollen sikrar at spelarar minimum har kontrakt til 12 månader etter fødsel.
– Formålet er å sikre at spelarar har høve til å komme tilbake til fotballivet etter eit svangerskap.
I tillegg ønsker klubben å få på plass fleire tiltak som kan gjere livet som mor og fotballspelar enklare.
– Vi har også støtte til barnepass etter fødsel, og det vil vi vidareutvikle. Vi har fått testa protokollen i løpet av dette året i og med at ein av våre har vore gravide i år.
Ingen av dei ni andre laga i Toppserien har innført liknande tiltak.
NRK har kontakta leiinga i alle klubbane. Fleire av dei peikar på at dei svært sjeldan opplever gravide spelarar.
Derfor har dei heller ikkje laga konkrete protokollar, slik Vålerenga har gjort.
AC Milan sette standarden
Klubben som gjekk framfor, og som Vålerenga har tatt etter, er den italienske storklubben AC Milan.
Av mange blei det omtalt som eit revolusjonerande regelverk.
– Eg har aldri før tenkt på å få barn i løpet av karrieren. Men med denne moglegheita, tenker eg nå at det er mogleg å få barn og så komme tilbake, fortel AC Milans kaptein Christy Grimshaw til NRK.
Vålerenga sin modell er det næraste «AC Milan-modellen» ein norsk Toppserieklubb har komme.
NRK har vore i kontakt med fleire av kapteinane i Toppserien om temaet. Dei fleste vil i større grad vurdere å kombinere barn og fotball dersom norske klubbar innfører liknande regelverk.
Med Minde som inspirasjon har Rosenborg dessutan allereie vore innpå temaet AC Milan introduserer, fortel Rosenborgs sportssjef Mads Pettersen.
– Det er bra at ein stor europeisk klubb går føre og teiknar opp noko sånt. Det er sånn idretten og verda utviklar seg, at nokon gjer noko som ingen andre gjer.
– Akkurat korleis vi forheld oss til det prinsippet har eg ikkje tatt noko endeleg avgjerd på. Det er jo sånn at sjølv om ho nå er tobarnsmor, er ho jo aktuell å forlenge med.
Venta to år med ny klubb
Stine Hovland er éin av dei få andre mødrene i Toppserien. Ho spelte for AC Milan i 2019/2020-sesongen.
Etter den sesongen returnerte ho til Noreg med eit ønske om å stifte familie. Det gjorde at ho ikkje omgåande signerte for ein ny klubb.
To år seinare signerte ho for Arna-Bjørnar.
– Eg hadde ikkje lyst til å vere ho som signerer og så blir gravid med ein gong. Det hadde vore roande å vite at ein klubb faktisk var interessert i meg, enten ein blir gravid eller ikkje, seier Hovland.
Det er ein påstand Toppfotball Kvinner støtter.
Dei har sterke ambisjonar om at spelarane i Toppserien skal kunne fortsette lengre.
Men dagleg leiar Hege Jørgensen understrekar at dette ikkje er noko dei kan gjere aleine, da dei som organisasjon er eigde av klubbane.
– Det må i så fall klubbane bestemme sjølve. Så eg trur kanskje ikkje det er den vegen vi skal gå. Ein start er å få på plass nokre retningslinjer, eit rammeverk, nokre erfaringar.
– Nypløgd mark
Christian Kalvenes, dagleg leiar i SK Brann, er av motsett oppfatning.
– Vi ønsker at fotballen, saman med NISO, skal heve standarden for spelarar som ønsker å bli gravide. Så kan det ikkje berre vere opp til klubbane, det må klubborganisasjonane og spelarorganisasjonane også sette seg ned for å snakke om.
Slik han har forstått, har desse samtalane så smått blitt starta rundt omkring i forbund og klubbar.
– Det er litt nypløgd mark for vår del, men vi har ein klar ambisjon om å vere gode på dette. Eg håpar det blir sett nokre standardar av NISO og at fotballforbundet saman med klubbane sjølve set seg ned og ser på ei løysing vi alle kan lande på.
Spelarforeininga NISO opplyser til NRK at dei er positive til å innføre ei ordning for gravide fotballspelarar i Noreg.
I tillegg ønsker dei å ta opp temaet med NHO Idrett og fotballforbundet i forhandlingar i haust.
Publisert 10.09.2024, kl. 16.05