Frustrerte over badstue-nekt: – Forstår ikkje kvifor dei ikkje får lov

1 month ago 19


Badstue har lange tradisjonar i Noreg, men har fått sin renessanse dei siste åra.

I dag finst det rundt 400 offentleg tilgjengelege badstuer i Noreg, ifølge Noregs badstuelaug.

I Åsgårdstrand er ei badstue i flittig bruk.

Medlemmer av Aasgaardstrand Kvindelige Badeselskab, utenfor badehuset.

Aasgaardstrand Kvindelige Badeselskab er klare for badstue og morgonbad.

Foto: Aina Indreiten / NRK

Kvar dag tar Sidsel Røed på seg badedrakt og badekåpe, før ho ruslar ned til brygga for sitt faste morgonritual.

– Det er litt bølger i dag, men vatnet er herleg. Det er min andre dukkert, så nå skal det bli godt å komme opp og ta badstue.

I meir enn 30 år har medlemmene i Aasgaardstrand Kvindelige Badeselskab møttest til badstue og morgonbad.

Hege Helm tar et morgenbad i Åsgårdstrand

Hege Helm tar eit morgonbad i Åsgårdstrand

Foto: Aina Indreiten / NRK

Det gjer dei kvar dag, året rundt.

Menn har berre tilgang til badehuset to gonger i månaden, men nå blir det planlagt ei ny badstue som skal vere tilgjengeleg for alle.

Flytande badstuer

Den moderne norske badstuetrenden starta for rundt åtte år sidan, fortel generalsekretær Stig Arild Pettersen.

– Det var naturnære badstuer rundt omkring i landet tidlegare òg, men det var da dei første badstuene dukka opp i indre Oslofjord at flytande badstuer blei store. Sidan har det spreidd seg ut til heile landet.

Stig Arild Pettersen er generalsekretær i Norges Badstulaug

Stig Arild Pettersen er generalsekretær i Noregs badstuelaug.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Den store interessa har gitt kommunane ei utfordring.

Ifølge Noregs badstuelaug varierer saksbehandlinga frå kommune til kommune.

– Behandlinga av søknader om badstuer i Noreg, er rett og slett bingo. Vi får massevis av førespurnader frå frustrerte aktørar som ikkje forstår heilt kvifor dei ikkje får sett opp ei badstue når nokon i nabokommunen blir oppfordra til det av kommunen, seier Pettersen.

Kommune har bede om råd

Det er plan- og bygningslova som regulerer dette, og i Larvik kommune har dei valt å gi mellombelse løyve til oppføring av badstuer.

– Vi har fått seks søknader om oppføring av badstue. Fem av dei har fått ei mellombels godkjenning, mens den siste ikkje er ferdig behandla, opplyser Silje Vestre, fagleiar for byggesak i Larvik kommune.

Silje Vestre, fagleder byggesak i Larvik kommune

Silje Vestre, fagleiar byggesak i Larvik kommune

Foto: Oleg Nemchenko

Utfordringa er at nokre av badstuene det blir søkte om, blir sette opp i strandsona.

– Viss du ønsker å behalde ei av badstuene i strandsona må du ha dispensasjon frå byggeforbodet langs sjøen. Og ofte også formålet som er grøn struktur eller landbruksareal. Da blir prosessane meir krevjande, seier Vestre.

Vestre har bede om råd frå Kommunaldepartementet. Dei jobbar no med ei tolking av kva slags areal som er aktuelt for etablering av badstuer.

Statssekretær Sigrun Prestbakmo (Sp) er positiv til trenden og meiner det kan bidra til auka aktivitet og liv i lokalsamfunn.

– Samtidig er det viktig å understreke at kommunane har eit ansvar for å sikre at slik etablering skjer på ein måte som er i samsvar med eksisterande regelverk.

Gir ut rettleiar

Noregs badstuelaug trur den store interessa for badstuer har komme overraskande på kommunane.

Dei har valt å hente inn juridisk hjelp til å utarbeide ein rettleiar for kommunane.

– Regelverket i plan- og bygningslova må følgast, men det verkar som ein del kommunar gjer det litt meir komplisert enn det er, seier generalsekretæren.

Flytende badstu i Oslo

Den nye badstue-boomen starta med flytande badstuer i Oslo

Foto: Aina Indreiten / NRK

I rettleiaren går dei gjennom kva reglar som gjeld for ulike typar badstuer.

– Det er positivt med eit slikt initiativ frå Noregs badstuelaug. Samtidig er det viktig at det er kommunane, statsforvaltarane og departementet som har ansvar for å rettleie om reglane i plan- og bygningslova, seier Prestbakmo.

Publisert 26.08.2024, kl. 05.55

Read Entire Article