Frå i dag er Vipps på nynorsk

5 months ago 34


Betalingsløysinga Vipps har utvikla seg til å bli ein av dei viktigaste digitale betalingsmåtane i Noreg. Ved utgangen av 2023 hadde Vipps 4,4 millionar brukarar.

Det kanskje ikkje så mange har tenkt på er at all kommunikasjon, kanskje bortsett frå det brukaren sjølv skriv, er på bokmål. No blir det endring på dette. Vipps kjem på nynorsk.

Peder Lofsnes Hauge

Vipps på nynorsk, betyr meir nynorsk til veldig, veldig mange, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge

Foto: Noregs Mållag

– Dette er ein ekte festdag! At ein no kan bruke Vipps på nynorsk, betyr meir nynorsk til veldig, veldig mange, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

– Glade

I Noreg er nynorsk og bokmål to jamstilte norske skriftspråk. 12. mai i år er det faktisk 139 år sidan Stortinget vedtok at desse to skriftspråka skulle ha same status som offisielle skriftspråk.

Nynorskorganisasjonen Noregs Mållag ser på denne dagen som så viktig at dei har utropt dagen som «Nynorskdagen».

– Vi er glade for at Vipps no tek nynorsk under vengjene og gjer sitt for jamstillinga mellom dei to skriftspråka. No håpar vi alle går inn på Vipps og vel nynorsk som språk, seier Peder Lofnes Hauge.

Vipps på Nynorsk

Denne meldinga gjekk ut til brukarane av Vipps på søndag.

Illustrasjon: Vipps

– Éin av ti brukar nynorsk

I heile Vipps er det over 4500 ulike faste tekstar. Det er desse tekstane som no er omsette frå bokmål til nynorsk. Og i dette arbeidet har Vipps fått eksperthjelp frå nynorskorganisasjonen Noregs Mållag.

Teknologisjef og nynorskentusiast i Vipps Lars Tore Skau

Lars Tore Skau er teknologisjef i Vipps.

Foto: Vipps

– Vi er så takksame for uvurderleg hjelp til omsetjing. Det er mykje takka vere Mållaget at Vipps no endeleg snakkar nynorsk, seier teknologisjef og nynorskentusiast i Vipps Lars Tore Skau.

Skau seier det berre er rett og rimeleg at Vipps blir lansert i nynorsk-versjon.

– Ein av ti vippsarar har nynorsk som hovudmål, så det skulle berre mangle at vi no gjer det mogleg å bruke Vipps i nynorsk-versjon. Mange har ynskja seg dette ei god stund. Difor er det storveges å endeleg kunne gi dei det, seier Skau.

Ros frå Språkrådet

I Noreg finst det eit statleg rådgjevingsorgan som har til oppgåve å passe på det norske språket. Språkrådet rosar no Vipps for arbeidet med nynorskversjonen.

Direktør i Språkrådet Åse Wetås i blå blazer

Åse Wetås er direktør i Språkrådet.

Foto: Oda Hveem

– Det er utruleg positivt at Vipps går føre som eit godt førebilete og lar brukarane av appen få tilgang til begge dei norske skriftspråka. Det handlar om å vise språkleg ansvar og respekt for kundane sine. Eg håpar fleire aktørar i næringslivet let seg inspirere av Vipps, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Kvipps ein ven

Vipps blir heitande Vipps også på nynorsk. Kanskje har nokon trudd at heile appen ville kome til å heite «Kvipps» på nynorsk? Det skulle ein kanskje tru om ein tok utgangspunkt i meir eller mindre gode nynorsk-vitsar.

Og ordet «kvipps» dukkar opp, men berre i to, tre dagar.

For ordet «kvipps» er slett ikkje noko ord som finst i nynorskbøkene.

Men Vipps vil lage litt «nynorsk-moro», og let nynorskbrukarane «kvippse ein ven» i to, tre dagar.

– I Vipps likar vi å leike med språk, og internt hjå oss har mange lenge drøymt om å «kvippse». Difor klarte vi ikkje å dy oss, det måtte berre bli kvippse. Skulle nokon meine at det blir litt for tullete, kan vi forsikre om at kvippse blir til vippse allereie i neste versjon av Vipps, som kjem etter berre nokon dagar, seier Skau.

I 2023 blei det utført 266 vennebetalingar på Vipps. Kor mange kvippsingar som blir gjennomført dei to-tre dagane det skal heite kvipps på nynorsk gjenstår å sjå.

Den som ønskjer å byte til nynorsk må oppdatere appen endre språk i innstillingane.

Publisert 12.05.2024, kl. 08.26

Read Entire Article