Fleire elevar skulkar skulen: – Vi er jo i ein alder der mange tenkar og grublar mykje

3 months ago 86


– Eg tenker at det er dumt, men eg synest også at det er litt rart, for eg har ikkje kjent på det her på ungdomsskulen. Det var litt sjokkerande, eigentleg.

Det seier Alva Holen Jansson som er 10.-klassing ved Blindheim ungdomsskule i Ålesund om skulketala.

Klassevenninna Emilie Strand Blindheim fortel at ho synest at miljøet på skulen er bra, og at ho ikkje veit om nokon som har skulka skulen.

– På trinnet vårt er alle ein ganske stor gjeng, og det er mange som kjenner alle, seier ho.

Auke i elevar som skulkar

Men Ungdata-undersøkinga viser at stadig fleire ungdomsskuleelvar skulkar og fleire gruer seg til å gå på skulen.

– Det er litt urovekkande. Talet på elevar som seier dei trivst på skulen har gått litt ned kvart år. Når det går litt ned kvart år i ti år, ser vi markante endringar.

Det seier forskar Anders Bakken, som er leiar av Ungdatasenteret ved NOVA, Oslo Met.

Anders Bakken er forsker hos NOVA ved OsloMet. Han har skrevet rapporten som viser at unge aldri har trent mer enn de gjør nå.

Anders Bakken, leiar av Ungdatasenteret ved Nova, Oslo Met.

Foto: Tom Balgaard

For ti år sidan svarte 20 prosent av ungdomsskuleelevane at dei hadde skulka skulen det siste året. No er talet 30 prosent.

Trur mobbing er grunnen

Madelen Kloster, leiar i Elevorganisasjonen, meiner det er på tide at det kjem ei reell satsing på å styrke laget rundt elevane, slik at skulemiljøet blir trygt for alle.

– Vi meiner at dette er svært alvorleg, og det må vere i samanheng med at mobbetala på skolen aukar. At elevar gruer seg til å gå på skulen er ikkje bra, for skulen skal vere ein trygg og fin stad for alle å vere, seier Kloster.

Påtroppende leder i Elevorganisasjonen, Madelen Kloster.

Madelen Kloster, leiar i Elevorganisasjonen.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

10.-klassingen Klara Fromm (15) frå Tromsø trur det er viktig at skuledagen blir tilpassa kvar enkelt elev.

– Eg synest det er viktig at kvar enkelt elev blir sett og inkludert. For det kan vere forskjellar på korleis dei ulike elevane lærer.

Ho og venninna Hanna Cornelia Paulsdatter Mathiassen (15) etterlyser mindre stillesitting i klasserommet og fleire aktivitetar i friminutta.

– Vi likar å gjere fysiske ting, men det får vi veldig lite av. Det å høyre på kva elevane vil, trur eg vil hjelpe, seier Mathiassen.

Hanna Cornelia Paulsdatter Mathiassen og Klara Fromm

Hanna Cornelia Paulsdatter Mathiassen og Klara Fromm trur fleire ville ha gått på skulen om dei kjende seg sett.

Foto: Simen Wingstad / NRK

Treng meir pengar

Stig Johannessen, forbundsleiar i Skuleleiarforbundet, seier det blir gjort ein stor innsats, men at det er nedskjeringar på skular i mange kommunar, og at rektorane manglar ressursar.

– Utfordringa er å tilby eit godt opplegg når du ikkje har ressursane. Politikarane må prioritere skulen endå meir, seier Johannessen.

– Tenker og grublar mykje

Tilbake på Blindheim ungdomsskule reflekterer Alva Holen Jansson over kva som er årsaka til at fleire ungdomsskuleelevar ikkje trivst på skulen.

– Vi er jo i ein alder der mange tenker og grublar mykje, seier ho.

Klassevenninnene har fleire forslag til kva skulane kan gjere for å betre situasjonen til elevane.

– Dei kan bruke litt tid på å bli kjent med alle, vi kan få ta pausar innimellom når vi jobbar og at det blir litt fleire sosiale samlingar, seier Emilie Strand Blindheim.

Skole skulking

Emilie Strand Blindheim og Alva Holen Jansson vil at skolen skal ha fleire arrangement for elevane.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Publisert 22.08.2024, kl. 05.46

Read Entire Article