Omtrent 9200 norske soldatar tenestegjorde i Afghanistan mellom 2001 og 2021.
Afghanistanundersøkinga frå 2020 viste at 10,4 prosent av desse sleit med psykiske helseplager.
No viser ein ny studie at talet er høgare enn ein har trudd.
For første gang har forskarar kartlagt lidinga «problematisk sinne» blant veteranar.
– Med åra har vi forstått at PTSD berre er ein av fleire moglege psykiske lidingar relatert til traume, seier ein av forskarane bak studien, Anders Nordstrand.
Meir sinne enn PTSD
Nordstrand er førsteamanuensis ved NTNU og orlogskaptein. Han fortel at mange veteranar slit med sinne.
– Problematisk sinne kan definerast som at sinne oppstår så hyppig, intenst og lenge at det i betydeleg grad forstyrrar funksjon, sosialt liv og livskvalitet.
Sinneproblema heng ofte saman med kroniske smerter eller andre psykiske problem.
– Dei som lid av problematisk sinne rapporterer at dei har dårleg livskvalitet.
Studien viser at 8,4 prosent av dei norske Afghanistan-veteranane lid av problematisk sinne.
Det gjer sinneproblem nesten tre gonger så vanleg som PTSD blant veteranane.
– Mange har fleire lidingar samtidig, forklarer Nordstrand.
Tal frå Afghanistanundersøkinga viste at 10,4 prosent av veteranane hadde ein eller fleire psykiske lidingar.
At sinneproblema no er kartlagt gjer at talet er høgare enn tidlegare anteke.
– Det totale talet på veteranar med psykiske lidingar er omtrent 15 prosent.
– Viktig kunnskap
At det først er no problematisk sinne har blitt forska på trur Nordstrand kan bety at ein tidlegare ikkje har skjønt kor mange som har slite psykisk.
– Dette er eit problem vi ikkje har kjent til tidlegare. Derfor har vi nok undervurdert kor mange som har psykiske plager.
Morten Henriksen er veteraninspektør i Forsvaret. Han er glad det no kjem forsking på sinne.
– Problematisk sinne påverkar ikkje berre veteranane, men også familie og vennar.
Han håper den nye kunnskapen om problematisk sinne kan gjere det enklare å hjelpe veteranar som slit.
– Ny forsking og innsikt er viktig for å kunne tilby hjelpe til dei veteranane som får utfordringar.
Han trur ny kunnskap både kan gjere hjelpa betre og samstundes gjere terskelen for å oppsøke hjelp lågare.
– Vi veit at mange veteranar gruer seg og ventar for lenge før dei oppsøker hjelp. Da har gjerne problema blitt større og meir samansette.
Fleire plager blant dei som slutta
Studien viser også at dei psykiske plagene er langt meir utbreidd blant dei som slutta i Forsvaret etter å ha vore i Afghanistan enn blant dei som fortsette.
Bjørn Robert Dahl, generalsekretær i Noregs veteranforbund, trur det er viktig å behalde kontakt med det militære.
– Å oppretthalde forbindinga til andre som veit kva det vil si å ha vore på oppdrag i utlandet, kan gi ein beskyttelse mot psykiske plager.
– Der trur eg veteranorganisasjonane er nøkkelen for mange.
Sjølv om Dahl skulle ønske kunnskap om problematisk sinne hadde kome tidlegare, er han glad det blir forska på veteranar.
– Først og fremst er det positivt at ein finn fram til nye område der ein kan ta tak i veteranar sine problem.
Publisert 03.09.2024, kl. 17.17