Flaumfare på gult nivå

4 months ago 26


27. mai 2024 kl. 11:15

Vassføringa vil auke i vassdrag i høgfjellet og tilstøytande dalstrok grunna snøsmelting.

Til tysdag morgon har varsom.no ute eit varsel på gult nivå for fjellområda i Vestland, Agder, Telemark, Buskerud og Innlandet.

Vassføringa vil halde seg høg i høve til kva som er normalt for årstida. Det kan føre til lokale flaumar og erosjonsskadar i bekkar og mindre elvar.

– Sikre og flytt verdiar vekk frå utsette område. Hald deg unna elvar og bekkar med stor vassføring, er oppmodinga.

Read Entire Article