Firi Hussein Abduljalil er papirlaus flyktning.
Verken ho eller sambuaren får opphaldsløyve. Heller ikkje dei tre barna.
Sjølv om alle barna er fødde i Noreg, meiner UNE at det ikkje ligg føre sterk nok tilknyting til riket.
Det meiner trebarnsmora ikkje er rimeleg.
No tar ho og mannen saka til retten. Dei meiner staten ikkje har handla med omsyn til barnas beste då dei fekk avslag på asylsøknaden.
– Her er det nokon andre som rår over deg. Du får ikkje avgjere noko sjølv. UDI seier nei, men eg forstår ikkje kvifor, seier Firi.
Noas: Kan ha ein sjanse
Norsk organisasjon for asylsøkarar (Noas) meiner familien kan ha ein sjanse.
Mellom 2010 og 2022 har 1265 saker blitt ført i retten mot UNE. UNE har tapt 327 av dei. Det vil seie at dei i snitt har tapt om lag 26 prosent av sakene.
I 2022 blei nesten nemleg nær halvparten av sakene som blei ført mot Staten gjennom Utlendingsnemnda (UNE) gjort om.
I fjor blei ein av tre saker omgjort. Kritikarane meiner det tyder på at saksbehandlinga er for dårleg.
For Firi og ungane er det i alle fall umogleg å reise tilbake til Etiopia.
Sat åtte dagar i gummibåt
Firi kjem frå Etiopia. Der budde ho og arbeidde som lærar fram til i 2014.
Ho fortel at ho fekk ho problem med regjeringa i landet. Det hadde kome ein ny lov som Firi og kollegaene hennar nekta å akseptere, fortel Firi.
Det enda med at ho og tre kollegaer blei sett i fengsel.
– Dei torturerte meg og valdtok meg, hevdar ho.
Året etter støtta Firi opposisjonen i valet. Då blei det store demonstrasjonar mot regjeringa. Dei trudde lærarane hadde arrangert det, og drog heim til kvar og ein av lærarane, ifølge Firi.
– Eg hadde mista jobben og var på leiting etter ny jobb i ein annan region då dei kom.
Då tok dei faren og fengsla han i staden.
Firi seier at verken ho eller nokon andre i familien har sett faren sidan.
Då bestemte Firi seg for å flykte.
– Eg kom over til Italia på ein liten gummibåt. Vi satt i den i åtte dagar utan mat og drikke, fortel Firi.
– Eg sat med hendene over auga heile tida. Eg hadde ikkje lyst til å sjå min eigen død.
Firi overlevde overfarten, og enda opp i Noreg. Her søkte ho om visum og fekk avslag. Men ho nekta likevel å dra. Ho turte ikkje, seier ho til NRK.
Så blei Firi flytta nordover til Sjøvika asylmottak i Salangen.
På ein reise til Oslo møtte ho ein mann.
Med han fekk ho sitt første barn, Anif. Men mannen møtte aldri sonen. Han ville ikkje ha noko ho å gjere med då han forstod at ho var gravid, fortel Firi.
– Godt å finne kjærleiken
Firi heldt fram å bu på Sjøvika asylmottak i Salangen med vesle Anif. Så møtte ho Haidar Hussein Al-Ghizzi frå Irak. Dei blei forelska.
– Det var veldig godt å finne kjærleiken etter den lange dramatiske tida, seier Firi.
No har dei to barn saman, i tillegg til Anif, som også tenker på Haidar som pappa.
Dei tre barna kjenner ikkje noko liv utanfor asylmottaket.
– Det kjennest frykteleg fordi vi har levd slik i lang tid. Livet er ikkje stabilt og vi veit ingenting om framtida og kva som vil skje, seier Firi og legg til:
– Får vi ikkje bli her kan vi bli separert frå kvarandre og tvunge til å dra tilbake. Det gjer at eg alltid er redd og stressa.
UNE tapte 45 prosent av sakene i retten
Firi fekk avslag på søknaden sin om opphald for vern i 2017. Det har ho bedt om å få omgjort, men ikkje fått medhald i. Det er det fleire som meiner ho burde fått.
Kirkens Bymisjon konkluderte i ein rapport i fjor med at Noreg bryt barns retter og barnekonvensjonen i måten dei behandlar papirlause barn på:
Sofie Retterstøl Olaisen
Blir ikkje behandla som sjølvstendige rettssubjekt
Kirkens Bymisjon peiker både på at barn av papirløse foreldre ikkje blir behandla som sjølvstendige rettssubjekt.
Det vil seie at barna er prisgitt foreldrene sin status i landet.
Det kan vere ein av årsakane til at rapporten avdekka at både barn og foreldre som lever i asylmottak har psykiske problem.
Sofie Retterstøl Olaisen
Meiner Noreg ikkje hjelper nok
Kirkens Bymisjon meiner at Noreg heller ikkje gir nok helsehjelp eller økonomisk hjelp.
– Ingen veit kor mange dei er. Men vi veit at de finst. Gjennom våre helsesentre for papirløse migranter ser vi barn i uholdbare situasjoner, skriv Kirkens Bymisjon i rapporten.
Kirkens Bymisjon
- Må ta sin internasjonale plikt
Kirkens Bymisjon skreiv rapporten for å dokumentere livssituasjonen til dei papirløse barna.
Dei meiner vi må søke kunnskap, spreie informasjon og gi barn relevante, tilgjengelege tenestar.
– No må Noreg ta sin internasjonale plikt på alvor, og gi desse barna tilgang til barnehageplass, vidaregåande skule, og forsvarleg helsehjelp, seier Janne Olise Raanes, avdelingsdirektør i Kirkens Bymisjon.
Jon Ole Martinsen, seniorrådgivar i Noas, seier at dette er nok ei sak der dei er bekymra for at barnets beste ikkje blir vektlagt som det bør.
– Vi opplever stadig at forvaltninga ikkje tar tilstrekkeleg omsyn til barnas beste framfor andre omsyn, seier han.
Det som uroar Martinsen er kor mange saker der UNE sitt vedtak generelt blir kjent ugyldig.
Martinsen seier det er urovekkande, særleg når ein tenker på kor stor betydning vedtaka UNE fattar har for det enkelte mennesket.
– Årsakene er samansett, men det burde verkeleg vekke oppsikt både hos departementet og Stortinget når talet burde vere tilnærma null.
Seniorrådgivaren meiner dette viser at det er behov for styrka rettssikkerheit i behandlinga av sakene i forvaltninga og ein reform av klageorganet UNE.
I tillegg har dei det gjeld sjeldan midlar til å ta saka til retten, då det er dyrt å føre slike saker. Det er berre unntaksvis det blir gitt fri sakførsel for å prøve utlendingssaker for retten.
Det er Advokatfirmaet Schjerven Hansen som køyrer saka til Firis familie. Dei får berre betalt dersom Firi og Haidar vinnar fram med søksmålet.
Martinsen forklarar at barna til Firi og Haidar ikkje har fått opphaldsløyve då UNE meiner det ikkje ligg føre sterke nok omsyn eller tilknyting til riket.
Samtidig meiner dei verken barna eller foreldra har eit behov for vern i landet foreldra kjem frå.
Nyleg vedtok Justisdepartementet å stille utvisingssaker som råkar ved barn på vent. Men dette gjeld ikkje saka til Firi og Haidar.
– Dette omhandlar dei som har barn med opphald i Noreg. Det er eit forslag til ein liten oppmyking for nokon av dei som har ein forelder med innreiseforbod, seier Martinsen.
UNE: – Rettssikkerheita er god
Ketil Larsen, avdelingsdirektør i fagavdelinga ved UNE skriv i ein e-post til NRK at UNE har avgjort fleire tusen saker dei siste to åra.
– Til samanlikning tok vi imot 88 rettskraftige dommar i 2022 og 2023. I desse fekk UNE medhald i fleirtalet, mens vedtaka blei kjent ugyldig i 36 saker.
– Sjølv om UNE ønsker ein høgast mogleg prosent av medhald, kan vi ikkje vente å få medhald i alle saker som blir prøvd for retten, seier Larsen.
Han peiker på at nokon saker reiser vanskelege rettslege tolkingsspørsmål eller bevisvurderingar det er mogleg å sjå ulikt på. Det same gjeld korleis vedtaka bør bli grunngitt.
Larsen meiner rettssikkerheita er god, også i saker som ikkje blir prøvd for domstolane. Eit vedtak frå UDI kan få ein uavhengig vurdering av UNE som klageorgan.
– Vi har høgt kompetente medarbeidarar som kvar dag jobbar for riktige vedtak etter dei reglane som gjeld. Klagarane kan vere trygge på at saksbehandlinga til UNE jamt over held høg kvalitet og at vedtaka er riktige, seier han.
Likevel seier avdelingsdirektøren at å reise søksmål for domstolane er viktig for rettssikkerheita.
– Dommar kan dessutan bidra til rettslege avklaringar av betydning for fleire saker, og gi verdifull læring tilbake til UNE.
– Kan ikkje returnere
Verken Firi eller Haidar har altså til no opphald i Noreg. Dei bryt utlendingslova når dei held fram med å bu i Noreg.
– Kvifor drar du ikkje tilbake, Firi?
– Eg kan ikkje dra tilbake. Dei leiter framleis etter meg, og vi veit framleis ikkje kor faren min er, og om han er i live eller ikkje.
– Kunne de dratt til Irak?
– Nei, det kan vi ikkje, seier Haidar.
– Eg har mine eigne problem der. Ho kan ikkje bli med meg til Irak og eg kan ikkje bli med ho til Etiopia.
Difor blir dei alle i Noreg.
Publisert 24.05.2024, kl. 22.53