Sjåføren som filma da ein syklist blei angripen på Mosseveien onsdag, har blitt kontakta av Oslo politidistrikt, melder VG.
Fredag ettermiddag fortel yrkessjåføren dette til NRK om samtalen:
– Oslo politidistrikt ringde meg. Dei bad om å få videoen og sa det var ein pågåande etterforsking, seier Knut Berge.
Dashbordkamera på bilen hans filma konfrontasjonen mellom bilisten og syklisten på Mosseveien, ved avkøyringa frå Nordstrand i Oslo.
Berge har ikkje blitt bedt om å kome inn til avhøyr hos politiet.
Tuta for å få dei til å stoppe
Torsdag opplyste politiet at dei ikkje melde bilisten for vald, men oppfordra begge partar til å kontakte politiet om dei ville melde saka.
Knut Berge fortalde at han tuta for å få dei til å stoppe, men valde å halde seg unna situasjonen.
– Det er ikkje riktig at folk slåst slik. Eg har aldri opplevd noko liknande tidlegare, seier han fredag.
NRK har òg vore i kontakten med bilføraren tidlegare, som ønskjer å vere anonym.
– Eg er lei meg for at dette skjedde. Eg køyrde etter han for å få ordna forsikringa etter at han hadde øydelagt spegelen min, fortel han.
Tøffare klima på vegane
Heller ikkje NAF er vant med konfrontasjonar av dette kaliberet på vegane.
– Det er heldigvis sjeldan vi ser at det blir så alvorleg som dette, seier Jan Harry Svendsen, som er rådgjevar for trafikksikkerheit i NAF.
NAF har ikkje tal på at det er fleire uønskte hendingar, men dei er mykje på vegen ser ein hardare tone både i trafikken og i diskusjonsforum på nett.
– At det har blitt eit tøffare klima mellom syklistar og bilistar er det ingen tvil som, seier Svendsen.
Publisert 15.11.2024, kl. 16.55 Oppdatert 15.11.2024, kl. 17.04