– Det som skremmer meg mest er at det er begynt å bli normalt. Til det punktet at når eg vaknar og ikkje er ute til normal tid, då tenker eg at det er nokon som har tatt livet sitt.
Det seier innsett i Bodø fengsel, Bjørn Edvard Rånes.
I åra 2021–2023 var det fem sjølvmord og seks sjølvmordsforsøk her. Det er urovekkande mange på ei avdeling med 56 plassar, meiner Sivilombodet.
Rånes mista ein kompis i fengselet til sjølvmord og fortel at han sjølv har prøvd å ta livet sitt.
– Ein føler at ein er ei gigantisk byrde for samfunnet, for vennene sine, dei næraste og familie.
Sivilombodet kritiserer ei rekke forhold ved Bodø fengsel etter at dei var på synfaring der i fjor haust.
Ifølge rapporten er det er auka bruk av sikringsceller, mykje bruk av isolasjon og tvang. Det er auka vald blant dei innsette, og så låg bemanning at både innsette og tilsette kjenner seg utrygge.
Rånes seier han merkar at det er få tilsette og at dei er overarbeidde. Det går utover dei innsette.
– Vi ser til dømes at viss ein psykologtime er bestilt, får dei ikkje dratt. Det er ikkje bemanning nok til å ta innsette med ut, seier Rånes.
– Ikkje sette i gang oppfølgingstiltak
Situasjonen i Bodø er ikkje eineståande.
I perioden 2008 til første mai i år var det 79 sjølvmord i norske fengsel. Og berre i 2023 var det 125 sjølvmordsforsøk, ifølge tal frå Kriminalomsorgsdirektoratet.
Men fengselet i Bodø har peika seg ut i ei negativ retning. I 2021 var det to sjølvmord her, medan det berre var eitt i til dømes Oslo fengsel, som har fleire innsette.
Sivilombod Hanne Harlem seier fengsla ikkje er flinke nok til å fange opp at det er auka risiko for sjølvmord.
– Vi gjekk gjennom dei fem sjølvmorda det er snakk om i Bodø, og i fire av desse hadde ein ikkje sett i gang nokon oppfølgingstiltak i det heile, enda det var klare risikofaktorar, seier Harlem.
Etter sjølvmorda var evalueringane at desse kom som lyn frå klar himmel, men når sivilombodet nå har gått igjennom sakene, var der ei historie om sjølvskading og sjølvmordsforsøk, seier Harlem.
Rapporten etter besøket har 33 forbetringspunkt som fengselet må rette opp i innan utgangen av oktober.
– Ligg nede med brekt rygg
– Eg tør å påstå at kriminalomsorga ikkje berre ligg nede med brekt rygg. Vi har fjerna delar av ryggrada, seier Monica Andersen, tillitsvald for NFF.
Ho er på jobb i Bodø fengsel, og meiner at det er pengane som er problemet.
– Hovudproblemet er økonomien, som har vore høvla ned over år, seier ho til NRK.
Det er fengselssjefen i Bodø einig i.
– Det er den totale ressurssituasjonen som er knapp. Vi slit også med bemanning og rekruttering. Målet vårt er å bruke dei ressursane vi har på best mogleg måte, og det jobbar vi med kontinuerleg, seier fengselsleiar i Bodø fengsel, Mette Moe.
Ho seier rapporten er alvorleg, og at det er ting dei er kjente med. Framover skal dei ha eit møte med spesialisthelsetenesta Nordlandssykehuset psykiatri og med helsetenesta i Bodø kommune.
– Klarer dykk å forbetre dei 33 punkta til oktober?
– Det gjer vi nok ikkje sånn omgåande. Det blir ei prioritering på det som er det viktigaste. Når vi ser på den totale ressurssituasjonen skal vi også ta vare på dei tilsette, seier Moe.
– Sum av årsaker
Harlem seier låg bemanning gjer ting vanskeleg, men at det ikkje er eitt svar på kvifor situasjonen er dårleg.
– Det er nok ein sum av årsaker.
Ifølge Sivilombodet er det årsaker som at aktivitetstilbod blir lagt ned, lite kontakt med familie og venner, og dårleg oppfølging av helse, og dessutan bemanningsproblem.
Harlem seier ho er bekymra for situasjonen i norske fengsel.
– Det er viktig at fengsla ikkje bidrar til å redusere helsa til innsette og moglegheita til å rehabilitere seg.
Samtidig peikar ho på at pengar aleine ikkje er løysinga.
– Eg er heilt sikker på at dei innanfor dei rammene dei har, kan gjere forbetringar.
Publisert 10.09.2024, kl. 15.59