Får ikkje fjerna russisk fartøy – ordførar fortvilar

16 hours ago 4


– Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie, sukkar Sør-Varanger-ordførar, Magnus Mæland.

Den russiske snøkrabbebåten «Poljarnyj issledovatel» («Polarforskaren») har lege ved kai i Kirkenes i Sør-Varanger sidan 2019. Han har heller ikkje vore på havet sidan, og er i realiteten flytande skrapjern.

Mange har i lang tid ønska snøkrabbebåten vekk frå kommunen, men det har vist seg å vere vanskeleg.

Snøkrabbefartøyet "Poljarnyj issledovatel" står på land for reparasjon ved Kimek.

«Poljarnyj issledovatel» er det foreløpig siste russiske fartøyet Kimek har på land. – Det er trist, men sånn er det, seier Kimek-sjef Greger Mannsverk.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Bortvist

Som følge av Russlands fullskalainvasjon av Ukraina, har EU og Noreg innført ei rekke restriksjonar mot norske selskap som har russiske kundar. Russiske fiskefartøy kan framleis gå innom hamnene i Kirkenes, Båtsfjord og Tromsø.

I sommar kom det derimot nye reglar som seier at den maksimale liggetida skal vere sju dagar.

Dermed bestemte Finnmark politidistrikt at «Poljarnyj issledovatel» måtte vekk frå Kirkenes.

Det let seg ikkje gjere i ei handvending.

For det fyrste har sertifikata til båten gått ut på dato. Derfor kan ikkje skuta forlate Kirkenes på eiga hand. Ho må slepast.

Før ein kunne tenke på å slepe, måtte fartøyet sikrast ved eit verft. Dermed var runddansen i gang.

Poljarnyj

«Pojarnyj issledovatel» har

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Første runde: Dispensasjon

Sikringsarbeidet kunne ikkje gjerast utan dispensasjon frå sanksjonsreglane som regjeringa «presiserte» i midten av mai 2023.

Skipsverftet Kimek sende søknaden om dispensasjon i juli. Svaret kom over to månader seinare, like før mørketida og uvêrssesongen.

No har båten omsider vore på land og blitt gjort klar for sleping.

– Vi har tetta sjøkasser og blinda av rør og ventilar. Sånne ting som gjer at det blir ei trygg tauing til Murmansk, seier Kimek-sjef Greger Mannsverk.

Då skulle vel alt vere i orden? Nei, da.

Kimek-ansatt sveiser bunnen på snøkrabbefartøyet "Poljarnyj issledovatel".

– Vi har tetta sjøkasser og blinda av rør og ventilar. Sånne ting som gjer at det blir ei trygg tauing til Murmansk, seier Kimek-sjef Greger Mannsverk.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Andre runde: Sleping

Sidan russiske slepefartøy ikkje kan gå til norsk hamn, må «Poljarnyj issledovatel» først slepast til havs av eit norsk selskap.

Deretter må det skje ei overlevering mellom den norske og russiske slepebåten.

Eit lokalt norsk slepebåtfirma i Kirkenes har allereie sagt ja til å slepe snøkrabbefartyet til overleveringsstaden utanfor Varangerhalvøya.

Det kan dei ikkje gjere utan å forsikre båten. Forsikringsselskapa seier nei.

– Vi er kjente med at det har vore utfordringar med tanke på forsikring av fartøyet. Vi har hatt konstruktive møte med agenten for å sjå kva vi kan gjere. Så håper vi at det vil løyse seg.

Det seier Gøran Stenseth, seksjonssjef for utlending- og grensekontroll ved Finnmark politidistrikt.

Portrett av Gøran Stenseth, seksjonssjef i Finnmark politidistrikt. Tatt utendørs.

Seksjonssjef Gøran Stenseth i Finnmark politidistrikt håper «Poljarnyj issledovatel» blir taua frå Kirkenes snarast råd.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Peikeleik

Dermed er saka fastlåst.

No håper alle som ønsker båten bort at sentrale styresmakter kjem til unnsetning med ei løysing.

NRK har spurt to departement om dei kan bidra. Berre det eine har svart:

– Justis- og beredskapsdepartementet viser til Finnmark politidistrikt i denne saka, skriv kommunikasjonsrådgivar Andreas Bjørklund på vegner av departementet.

Ordføraren blir overraska når han les svaret NRK har fått frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Video: Gunnar Sætra / NRK

Sør-Varanger-ordføraren fortvilar.

– Det her er jo ein liten gordisk knute som kan løysast om man er litt lempeleg. Her er det eit politi som ønsker å løyse eit problem og ein privat aktør som ønsker å løyse eit problem. Og når vi har ei løysing på problemet, så blir det vist tilbake av departementet.

Mæland legg ikkje skjul på at er skuffa over «peikeleiken» som går føre seg. No håpar han dei ansvarlege kan komme på banen med ei løysing.

– Vi kan ikkje ha ein runddans i byråkratiet. Det går ikkje, seier ordføraren.

Publisert 03.12.2024, kl. 16.52

Read Entire Article