Eurovision-vinnar med stikk til musikk­konkurransen

5 months ago 35


Det var ein strålande nøgd Eurovision-vinnar som møtte pressa natt til søndag.

Sveitsiske Nemo gjekk til topps i musikkonkurransen med heile 21 12-poengarar.

Men det tok ikkje lang tid før artisten kom med stikk mot EBU, arrangøren av musikkonkurransen.

På spørsmål om at fans tilsynelatande ikkje fekk lov til å ha med flagg som representerer ikkje-binære under finalen svarte hen:

– Utruleg. Eg måtte smugle inn mitt flagg fordi Eurovision sa nei. Eg håpar andre gjorde det også. Dette er ein dobbelstandard. Eg brøyt koden og eg øydelagde trofeen. Kanskje troféen kan fiksast. Kanskje Eurovision trengst litt fiksing også, av og til.

Smugla inn flagg

Under flaggparaden på fredag entra Nemo scena med både sveitsisk flagg og det ikkje-binære flagget.

Artisten er sjølv ikkje-binær, og identifiserer seg verken som kvinne eller mann.

Eurovision tillèt berre nasjonale flagg under seremonien, for å halda konkurransen fri for politiske markeringar.

Nemo er den første ikkje-binære til å vinna konkurransen.

– Eg håpar denne konkurransen kan leva opp til sitt løfte og fortsette å arbeida for fred og verdigheit for alle, sa han kort tid etter finalen.

Eurovision sitt motto er «United by music», eller foreint av musikk.

Nemo med flagget for ikkje-binær

Nemo hadde med seg eit flagg for ikkje-binære under flaggparaden fredag.

Foto: AFP

Rekke med kritikk

Artistens stikk mot Eurovision føyer seg inn i ei rekke med kritikk mot arrangørane den siste tida.

I Malmö var det store demonstrasjonar før og under konkurransen i helga. Demonstrantane var i mot at Israel fekk lov til å delta, sjølv om landet har gått til angrep på Gaza.

Berre nokre timar før finalen laurdag blei det kjent at den nederlandske deltakarane, Joost Klein, var diskvalifisert.

Årsaka var at svensk politiet etterforska ei hending som fann stad torsdag kveld, der deltakaren og ein ESC-tilsett var involvert.

Fleire kritiserte utestenginga, blant anna det nederlandske kringkastingsselskapet Avrotros.

Publisert 12.05.2024, kl. 08.01 Oppdatert 12.05.2024, kl. 08.04

Read Entire Article