Etablerer nytt biogassanlegg i Senja: – Største industrielle gjenbruksprosjektet i Nord-Europa

1 month ago 11


Nord-Noregs største miljøsamarbeid, Rå Biopark, skal etablere seg i Senja. Nærare bestemt på areala til Senja Avfall IKS.

Det opplyser Rå Biopark i ei pressemelding fredag formiddag.

Etter førespurnad frå Senja Avfall IKS har eigarane landa på å flytte det største biogassanlegget til landsdelen til eksisterande areal hos Senja Avfall.

Opphavleg var det tenkt at bioparken skulle etablere seg i Skibotndalen.

– Konklusjonen er at klima- og miljøprofilen for prosjektet vil bli kraftig styrkt, samtidig som ein ser på store økonomiske innsparingar for kommunane, seier påtroppande styreleiar i Rå Biopark, Øivind Østbø.

Sparer klima og lommeboka

Når biogassanlegget blir sett i drift, vil han ha ansvar for behandlinga av matavfallet til 47 kommunar i Nord-Noreg. Dette gjennom ei samla investering på over 550 millionar kroner.

Totalt forventar selskapet ein kostnadsreduksjon på over 100 millionar kroner ved å flytte biogassanlegget til Senja.

Der vil selskapet flytte rett inn i eksisterande bygningsmasse, og nytte seg av fornybar termisk energi. Dette vil bidra til å redusere klima- og miljøtrykket for prosjektet stort, meiner selskapet.

Administrerande direktør i Senja Avfall IKS, Michael Erstad, meiner avtalen vil styrke dei involverte partane.

– Rå Biopark vil, ved innflytting i eksisterande bygningsmasse hos oss og bruk av den fornybare energien vår, bli det største industrielle gjenbruksprosjektet i Nord-Europa, og eit av dei største grøne samarbeidsprosjekta i Noreg nokosinne. Det er ei avgjerande løysing for oss, og for å løyse dei felles avfallsutfordringane i regionen, seier han i pressemeldinga.

Misfornøgd med flyttinga

I Storfjord kommune, der det opphavlege anlegget skulle liggja, ein skuffelsen stor.

– Dette var ein svært trist beskjed å få, då Storfjord kommune gjennom fleire år har jobba for å få på plass denne etableringa. Nyheita om flytting kom derfor som ei stor overrasking på oss og ikkje minst på dei som jobbar der i dag, seier ordførar Geir Varvik (H) i ei pressemelding.

Han påpeikar at tilsette på dagens anlegg på sikt kan mista arbeidsplassane sine som følgje av flyttinga.

– Ein distriktskommune som Storfjord treng nye arbeidsplassar. Eit biogassanlegg ville løyst luktplagene som har vore ei utfordring for innbyggjarane. Me er skuffa, og det er trist at anlegget no er bestemt flytta, seier han vidare.

Varvik opplyser at kommunen no vil jobba vidare for å finna alternative moglegheiter for å ta igjen verdiskapinga anlegget ville skapt.

Han påpeikar at flyttinga også medfører at andre firma, som også ville etablera seg på anlegget, må endra eller skrinleggja planane sine.

Ordfører i Storfjord, Geir Varvik.

MISFORNØGD: Ordførar i Storfjord kommune, Geir Varvik (H).

Foto: Rune Nordgård Andreassen / NRK

– Endrar føresetnadene

Administrerande direktør i Remiks Miljøpark AS, Britt Mathisen Limo, meiner føresetnadene for prosjektet nå blir fullstendig endra. som til liks med

– Frå eit eigarperspektiv vil det vere uansvarleg å ikkje gå vidare med ei slik omlokalisering, når alle sider av etableringa blir styrkte, samtidig som det kan bety viktige innsparingar for kommunane i ei krevjande tid økonomisk, seier ho.

Britt Mathisen Limo

FORNØGD: Administrerande direktør i Remiks Miljøpark AS, Britt Mathisen Limo.

Foto: David Jensen / JensenMedia AS

Det er anslått ein auka produksjonskapasitet på 10 prosent, med ein endeleg produksjon tilsvarande 70 GWh ved flytting av anlegget. Dette svarer til det årlege energiforbruket til 3000 husstandar.

Selskapet vil, når drifta er i gang, produsere 12 prosent av Noregs forbruk av biogass.

Det er venta at bioparken skal behandle over 70.000 tonn avfall frå hushald og næringar i Nord-Noreg.

Publisert 06.09.2024, kl. 09.30 Oppdatert 06.09.2024, kl. 10.02

Read Entire Article