Elden til NRK: Nora Haukland har fått status som fornærma

3 months ago 9


John Christian Elden skriv dette i ei melding til NRK:

«Hun har status som fornærmet, og Oslo tingrett har oppnevnt meg som bistandsadvokat for henne i sak som vurderes som vold i nære relasjoner etter straffeloven prg 282. Nora har selv ikke anmeldt noe, men forholder seg til at politiet har valgt å ettergå dette.»

NRK har forsøkt å få kontakt med Høiby sin forsvarar, Øyvind Brattlien, men har ikkje lukkast. Politiet har ingen kommentar til uttalen til Elden.

Han skriv også:

«Det at et offer har status fornærmet, gjør ikke at den som etterforskes er siktet.»

Saka til Haukland er ei såkalla undersøkingssak. Straffelova § 282 har ei strafferamme på inntil seks år:

Tok eksar i avhøyr

To av Høiby sine tidlegare kjeraster, Nora Haukland og Juliane Snekkestad, har begge gått ut på sosiale medium og uttalt seg om påstått vald.

Politiet har teke kontakt med begge og bede dei om å stille i avhøyr.

Måndag kveld stadfesta Snekkestad sin advokat, Petter J. Grødem, at ho ønskjer å forklare seg vidare om det ho hevdar er vald frå Høiby då dei var kjærastar.

– Ho vil fortelje si historie og ho vil forhindre at andre blir utsett for det same, seier Grødem til NRK.

Snekkestad var i sitt første politiavhøyr rett før helga, det nye politiavhøyret skjer tysdag.

Snekkestad har også status som fornærma, men det er uvisst kva saka er «rubrisert» som i politiets system, eller om det er definert ein konkret paragraf som anklagen omhandlar.

Saka til Snekkestad skal vere ei undersøkingssak.

Budde saman

Marius Borg Høiby har budd saman med dei to ekjærastane og har hatt hatt same folkeregistrerte adresse.

Haukland og Snekkestad budde saman ein periode på Skaugum, der kronprinsfamilien også bur.

Søndag 4. august blei han pågripen av politiet ved Jansløkka skule og sikta for kroppskrenking mot ei kvinne og skadeverk der ho budde på Frogner.

Publisert 20.08.2024, kl. 10.59

Read Entire Article