– Det er truleg ingen skadde. Dette skjedde midt i vaktskiftet så det var meir folk i området enn til vanleg.
Det seier vaktkommandør Helge Lund i brannvesenet.
Straumen har gått i området og produksjonen ved den store metallfabrikken er stengd ned.
– Røykdykkerar er på veg inn i hallen og det er svært mykje røyk, seier Lund.
Brannvesenet held til like ved og er sendt ut. Det same er luftambulanse og redningshelikopter.
Publisert 20.08.2024, kl. 22.08