Dukka opp i desse fargane – blei trua med disk: – Komplett idiotisk

5 months ago 43


– Dei er fullstendige på ville vegar. Når dei kjem med slike truslar ønsker dei å gjere seg sjølve større enn idretten. Det er komplett idiotisk å berre nemne ei slik straff.

Det seier Henrik Alpers til NRK. Han jobbar som journalist i Landevei.no og er sykkel-estetikar.

Henrik Alpers

MEININGSLAUST: Den moteinteresserte sykkeljournalisten Henrik Alpers ristar på hovudet over motehandteringa til juryen.

Foto: Andy Bokanev

Starten på det som nærast har enda som ein moteskandale i sykkelsporten, skjedde etter den andre etappen i Giro d' Italia.

Da køyrde Pogacar seg inn i den ikoniske rosa leiartrøya i trevekersrittet. På starten av tredje etappe måndag dukka han opp i den riktige rosa fargen på overkroppen, men «feil» farge på shorts-delen.

Da starta problema.

Sjå forskjellen på shortsane her:

R-wjUOufeTg

UHØRT: Fargen på denne shortsen matchet ikke den rose trøyen. Det falt ikke i god jord hos juryen.

SyEno4N_WkQ

KLESBYTTE: På den fjerde etappen tirsdag ga Tadej Pogacar og laget etter: De gikk for den svarte lagshortsen.

ZO8MebpvWNo

BUKKET UNDER: Laget ønsker ikke å risikere UCI-straff, dermed var det bare å føye seg for rittets motepoliti, også kjent som kommisjonærene.

Ifølge Cyclingnews, som omtalte saka først, tok kommissærar frå Det internasjonale sykkelforbundet (UCI) kontakt etter den tredje etappen. Dei var ikkje fornøgde med det alternative fargevalet.

Dei skal ha åtvara laget om at Pogacar ville bli diska frå løpet dersom han ikkje brukte rett farge på shortsen.

– Eg har buksene, men inga aerodynamisk heildrakt lenger. Nå kan det hende at eg ikkje kan angripe lengre, sidan eg ikkje er så rask lenger, seier ein spøkefull Pogacar ifølge Cyclingnews.

Ville det vore rett å straffa Pogacar?

– Barnsleg og usportsleg

Den lilla shortsen med feil farge hadde blitt tildelt laget frå RCS Sport som arrangerer trevekersrittet.

– Det å trua med å overstyra det sportslege mot ein utøvar som genererer store inntekter, er så veldig symptomatisk for korleis sykkelsporten er. Det er barnsleg og usportsleg framferd frå det internasjonale sykkelforbundet og kommissærane, seier Alpers.

g3Q_MU9aKyk

TILBAKE I RETT FARGE: Tadej Pogacar på startstreken med «rett» farge på shortsen før den femte etappen onsdag.

Foto: LUCA BETTINI / AFP

Høvet for fargebytet på shortsdelen var for å heidre fotballklubben Torino. Dei speler kampar i same lilla farge som shortsen Pogacar sykla med på tredje etappe.

Klubben markerte at det var 75 år sidan Superga-flyulykka skjedde – og dette var hyllesta til Giro-arrangøren etter ulykka. Alle dei 31 personane om bord omkom etter styrten som skjedde kort tid etter avgang 4. mai 1949.

– I dag køyrer eg naken

Både arrangøren og utstyrsleverandøren prøvde i etterkant å forklare UCI-kommissærane at reglane tillèt fargar i to tonar.

– Eg veit ikkje kor mykje eg kan seie. Arrangøren gav oss den aerodynamiske drakta som eg brukte, før UCI ringde og sa at «denne er ulovleg», sa Pogacar til Eurosport før den fjerde etappen der han beheldt leiartrøya.

På denne etappen valde Pogacar å møte opp i laget sine eigne fargar, nemleg svart. Han leiar Giroen totalt sett, 2 minutt og 36 sekund foran nummer to.

Laurdag morgon bekreftar UCI til Eurosport at dei har avgjort at Pogacar ikkje vil risikere å bli diskvalifisert frå Giroen om han fortset å bruke den omstridde shortsen.

– I dag køyrer eg naken, kommenterer ein humoristisk Pogacar til nyheita.

– Rett og slett unødvendig pirkete

I sykkelsporten finst det fleire strenge reglar for klede. Dette fekk blant anna Uno-X oppleve før Tour de France. Der er leiartrøya gul og Tour-arrangøren bad laget endre farge på drakta slik at laget ikkje skulle bli forveksla med leiaren i rittet.

Dei endra lagfargen frå gult til raudt.

Ei slik korrigering støttar Alpers, men dei strenge truslane frå juryen og kommissærane mot Pogacar er heilt uforståeleg, meiner han.

– Det er inga misforståing om kven dette er. Dette regelbrotet har ingen konsekvensar, verken for ryttarar, publikum eller sporten. Dei kunne berre prata med laget og ryttaren for å be dei skifte farge. Eventuelt kunne dei også gitt ei bot med krav om at bota skulle betalast til eit velgjerande formål, foreslår Alpers.

  • I 2023-utgåva av Giro d' Italia forårsaka ein hund massevelt:

Publisert 11.05.2024, kl. 10.01 Oppdatert 11.05.2024, kl. 10.03

Read Entire Article