Den siste som vart berga frå det «gløymde» forliset

3 months ago 37


«Kjære heime! (...) Vart funnen den 6. juli, og da hadde me udstaat mykje ilt.»

Slik opnar Rolv Vaagaasar sitt fyrste brev til foreldra.

Han har fått låne 150 kroner av bestemor, og fått ein billett av onkelen i Amerika.

17-åringen er på si fyrste reise åleine. Han er sjøsjuk og står og ser inn i morgondisen da han høyrer eit kraftig drønn i skipet.

Det er 120 år sidan skrekkforliset ved Rockall.

635 emigrantar til botns

Forliset av D/S Norge blir rekna som den hendinga som har kravd flest norske liv i nyare fredstid. Forliset ved Rockall var også den verste ulykka på Nord-Atlanteren før Titanic i 1912.

Dampskipet Norge var ein gamal rustholk som skulle vore tatt ut av trafikk.

Dampskipet Norge var ein gamal rustholk som skulle vore tatt ut av trafikk.

Foto: ukjent / Privat

Etter 1912 kom ulykka litt i historieskuggen av Titanic, og har difor vorte kalla det «gløymde» forliset.

Eit tv-team i Bergen skal nå løfte fram att historia til Rolv og dei andre emigrantane i dokumentaren «Forliset» som kjem på NRK i 2026.

Det var litt dis, men elles ein mild og stille morgon den 28. juni 1904.

Kapteinen trudde han var lengre sør, i realiteten hadde han stø kurs mot det einaste undervasskjær på den nordlege Amerika-rute, St. Helen-revet.

Kvart på åtte går dampskipet Norge på grunn. 20 minutt etterpå går skipet under.

Når skipet går ned står det hundrevis att på dekk.

Passasjerar kring ein livbåt på NS Norge

Passasjerar kring ein livbåt på NS Norge

Foto: ukjent / privat

Det lyder revolverskot, og i vill panikk sender mødrene barna oppover masta for å få dei unna vatnet.

Eit augevitne fortel at det var som ei skorpe av druknande lik som flaut rundt båten.

Midt i kaoset står ein einsleg gut på 17 år frå Lom.

Nådde aldri lykkelandet

Guten var den eldste av ein søskenflokk på elleve. Han kom frå eit lite småbruk i Lom, og onkelen hadde kjøpt billett til han på eitt av dei store, trygge skipa.

Av ein eller annan grunn hamnar Rolv på eitt av dei verste.

Norge var ein gamal rustholk som skulle vore tatt ut av trafikk. Men 1904 var eit spesielt år, seier Gøril Grov Sørdal.

Det var priskrig og billettane var uvanleg billige og veldig mange emigrantar reiste det året.

Kortspill på dekk av DS Norge

Emigrantar spelar kort på dekket til NS Norge.

Foto: ukjent / privat

Gøril er researcher på dokumentarserien «Forliset», og ho fann namnet til Rolv i passasjerlistene. Og så starta jakta.

Grov Sørdal tek mange telefonar til slektningar av han i Lom, men utan vidare hell.

Nokre veker seinare får ho endeleg telefonen ho venta på. Ho som er i andre enden er tidlegare bonde på garden Vaagaasar i Lom, garden der Rolv vaks opp.

Gjorde store auge

Slektningen Jorunn Kvåle i Lom fortel at ho har funne noko som ho trur kan vera interessant i det gamle fjøset på garden.

Jorunn Kvåle peikar på bildet av Rolv Vaagaasar som var med på forliset av DS Norge

Jorunn Kvåle peikar på bildet av Rolv Vaagaasar som var med på forliset av DS Norge.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Da vi skjønte at desse breva eksisterte vart vi veldig glade, for det er utruleg viktig dokumentasjon, smiler Gøril Grov Sørdal i NRK.

Det fyrste kortet frå Rolv var sendt frå sjukesenga i Thorshavn berre ein snau månad etter forliset.

– Dette er viktige fyrstehandsskildringar av kva som hende, seier Grov Sørdal.

På nøkternt bygdevis fortel Rolv at han har sveva mellom liv og død.

Årsaka til at dette dukka opp, er fordi Jorunn Kvåle er over gjennomsnittet interessert i historie.

Da ho jobba med å laga sitt eige gardsmuseum, dukka dei gamle breva opp.

–Ein må vel sende ein takk til dei som dreiv garden før oss for at dei var så dårlege til å kaste ting, smiler Kvåle.

I det gamle fjøset i Lom, blant gardsdokument og gamle kjærleiksbrev, fann Jorunn dei fyrste skildringane av Rolv.

Med sirleg handskrift på eit postkort sender ein traumatisert gut brev heim til foreldra.

Brevet frå Rolv Vaagaasar vart funne i eit fjøs i Lom. Fyrstehandsskildring frå forliset av DS Norge.

Brevet frå Rolv Vaagaasar vart funne i eit fjøs i Lom. Fyrstehandsskildring frå forliset av DS Norge.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Eg vart ståande med brevet i handa og tenkte, kva er det eg ser, seier Jorunn Kvaale.

Halvparten av passasjerane på dampskipet Norge var barn og tenåringar, tre av dei var frå Lom. Det var Rolv Vaagaasar på 17 år, og søskenbarna Anne Andvordsjorde og Anne Gutubø som båe 19 år.

Berre ein av dei kom levande frå forliset.

Sju døgn på havet

Berre seks av dei åtte livbåtane kjem seg på vatnet med berre 160 menneske om bord. 635 menneske døyr den morgonen ved Rockall.

Etter forliset hjelper korkje skrik eller revolverskot. Det er panikk om bord og overlevingsinstinktet slår inn.

Brev frå Rolv Vaagaasar etter forliset av NS Norge. Systematisert av Jorunn Kvåle.

Foto: Even Lusæter / NRK

Rolv er ein av dei som kjem seg om bord i ein livbåt, men dei er ikkje berga.

Det er så vidt litt proviant og drikke i båten, men dei er tidleg tomme for mat og vatn.

– I brevet fortel han at dei alle er sjuke og hysteriske av tørst. Han drikk etter kvart sjøvatn, seier Jorunn Kvåle.

Vidare skildrar han korleis føtene hans trutnar opp og han greier ikkje å gå. Då dei blir redda av ein fiskebåt, er han dauden nær.

Det var mange som sa at dei hev aldri set so magert menneske som eg var, skriv Rolv frå sjukesenga.

Redningsbåten Rolv sat i var på sjøen i sju dagar, og var den siste som vart funnen.

Heldt liv i barnet

Om bord i livbåten er det berre menn og eit lite jentebarn.

Dei får samla litt regnvatn i ein presenning, men spedbarnet held dei liv i ved å sende ho rundt så ho fekk suge i seg spytt.

Dette har Rolv fortalt, og eg har det frå sikre kjelder at dei senda ungen rundt i båten så ho fekk suge på tunga deira. I tillegg greidde faren å få hol på ei blodåre så ho også fekk i seg litt blod, seier Kvåle.

Rolv Vaagaasar frå Lom. Ein av dei norske overlevande frå DS Norge

Foto: ukjent / privat

Rolv blir snart frisk nok og kjem heim til Lom. Dei to jentene han reiste i lag med drukna saman med 222 andre landsmenn.

Det er underleg at han skriv så mykje om hendinga i brev, for da han kom heim snakka han aldri om forliset, seier Jorunn.

Rolv blir gift, får barn og kjøper seg gard, men han vart svært rastlaus og var sterkt prega av hendinga resten av livet. Han døyr 50 år gamal.

Den vesle jenta dei berga veks opp, men døyr som attenåring av spanskesjuka, fortel Jorunn.

Eg har prøvd å tenke meg korleis det kunne vera for Rolv og dei andre med den panikken og skrika og revolverskota, men det er nesten ikkje mogleg å setja seg inn i, sukkar Jorunn Kvåle.

Publisert 18.08.2024, kl. 17.38

Read Entire Article