Byggenæringa fører klimarekneskap som ingen ser

1 month ago 10


Sommaren ligg utmatta og litt lei av seg sjølv på Skudeløken i Førde, men på delar av tomta er det aktivitet.

Her skal 270 leilegheiter reise seg i det som skal bli ein ny bydel i Sunnfjord.

I tråd med reknskapskravet som blei innført i fjor sommar er det rekna på alle utslepp.

Eitt år seinare blir derfor alle utslepp loggførte og innleverte.

Vel, det er ikkje heilt rett.

Utsleppa blir kartlagde, men så langt finst det ingen å levere rekneskapen til.

På Skudeløken i Førde skal 270 leilegheiter reise seg.

Video: Steinar Lote

Regjeringa slepar beina etter seg

Utolmodige representantar på løvebakken har derfor begynt å murre:

Det er ganske utruleg at regjeringa somlar med dette når næringa sjølv vil samle inn data, seier Lars Haltbrekken (SV) til NRK.

I fjor haust vedtok Stortinget at regjeringa må «sørge for at staten samlar inn og tilgjengeleggjer klimarekneskapane for byggesaker».

Regjeringa slepar beina etter seg, seier stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo.

Sjå svar frå statsråden lengre ned.

Byggenæringa står i dag for rundt 16 prosent av klimagassutsleppa i Noreg, og det er berekna at sparepotensialet er like stort som utsleppa frå bilparken.

Den største utsleppskjelda frå bygg er produksjon og transport av materiale.

Byggeplass

Byggenæringa er pålagd å levere klimarekneskap. Men i andre enden er det ingen til å ta imot utsleppstala. Eit klimakrav i byggeteknisk forskrift er allereie innført i Danmark og Frankrike.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Vi forventar at regjeringa får opp farten

I byggenæringa er frustrasjonen over å gjere papirarbeid – utan å ha nokon å rapportere til – om mogleg enda større enn på Stortinget.

Vi har store forventningar til at regjeringa får opp farten, seier Liv Kari Skudal Hansteen, som er direktør i Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF).

Ho seier det er «heilt avgjerande» med klimarekneskap for bygningar om Noreg skal nå målet om klimanøytralitet innan 2050.

Openheit rundt utslepp frå bygningar vil auke kunnskapen og bevisstheita for klimautslepp. Dette vil føre til at enda fleire kan bli motiverte til å ta gode og berekraftige val, seier ho.

Innan fem år skal vi halvere Noregs utslepp. Då treng vi skjerpa byggereglar, seier Katharina Bramslev, som er dagleg leiar i Byggalliansen.

Sjå fleire reaksjonar frå byggenæringa under.

Liv Kari Skudal Hansteen

Nicolas Tourrenc

Liv Kari Skudal Hansteen, som direktør i Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF)

Å sikre data frå klimarekneskap for bygningar vil gi eit betre grunnlag for å rapportere på framdrift i samsvar med internasjonale forpliktingar, slik som Parisavtalen. Ved å inkludere alle fasar i livssyklusen til bygget, frå planlegging, utforming, materialval og bygging til drift og gjenbruk, kan ein betre og enklare identifisere kor dei største utsleppa skjer.

Kristin Fjellheim

SINTEF

Kristin Fjellheim, Forskingsleiar hos Sintef Community

Det er viktig å begynne å samle inn og arkivere klimagassrapportar. Det vil vere fint å begynne å samle inn data så raskt som mogleg, men det må avklarast kven som skal samle inn, drifte og halde ei databaseoversikt ved like, og dessutan kven som skal ha tilgang til data på kva nivå.

Guro Hauge

NHO

Guro Hauge, direktør for berekraft og samfunnspolitikk i NHO Byggenæringen

At det blir innført føreseielege og konkrete utsleppskrav i byggteknisk forskrift er viktig for byggenæringa og for at Noreg når klimamåla. Byggenæringa er førebudd på at det må komme strengare krav til oss, og vi har etterlyst slike krav i lang tid. For næringa er det ein føresetnad at krava blir trinnvis innførte etter ein tidsplan som gir bedriftene moglegheiter for god omstilling.

Arild Hermstad (MDG) og Alfred Bjørlo (V) i Vevring 12. august 2021.

Oddmund Reisæter Haugen

Alfred Bjørlo, Venstre

Dette er svært uheldig, men samtidig ikkje uventa. Regjeringa slepar heile tida beina i bakken når det gjeld klima- og energiomstilling av byggenæringa. Dette er ei næring som verkeleg er «framme i skoa» når deg gjeld grøn omstilling og ønske om å få slutt på sløsing av energi – men opplever ei regjering som rett og slett ikkje er med på laget.

Katharina Th. Bramslev,

Snorre Tønset / NRK

Katharina Th. Bramslev, dagleg leiar i Byggalliansen

Regjeringa kan fint innføre eit krav i teknisk forskrift om 20 prosent reduksjon i klimagassutslepp frå materialbruk med ein tilhøyrande opptrappingsplan. Vi har lenge meint at vi ikkje har tid til innsamling av meir data for å fastsette eit slikt krav. Bransjen har allereie referanseverdiar som kan brukast.

Frank Ivar Andersen

Tormod Strand

Frank Ivar Andersen, leiar for næringspolitikk og arbeidsliv i Bygghåndverk Noreg (BHN)

Frå vår side er det ønskeleg med klimagassrekneskap. Samtidig er det behov for å greie ut og foreslå relevante tiltak knytt til standardisering, rapportering og informasjonsdeling. Også næringa er tent med at dette blir gjort ordentleg og for at dette skal fungere effektivt i heile verdikjeda. Derfor vil dette ta noko tid.

Morten Andreas Meyer i Huseierforeningen

NTB

Morten Andreas Meyer, generalsekretær i Huseierne

Vi er positive til alle gode tiltak, og veit at den nødvendige grøne dugnaden kjem til å koste – for oss alle. Likevel er det aktørane i næringa sjølv som må ta grep her. Dersom det endar med at forbrukarane aleine må ta heile rekninga for klimatiltak i byggebransjen, er det ei veldig dårleg løysing.

Tore Kvande, NTNU

NTNU

Tore Kvande, NTNU

Det er fornuftig at erfaringstal blir henta inn før ein eventuelt sett krav til maksimalt klimagassutslepp frå material i byggeprosessen. Når eit innsamlingssystem for slike erfaringstal blir utarbeidd, er det viktig at det blir gjort på ein slik måte at det ikkje medfører meirarbeid. Vi har nok av små velmeinte aksjonar som er med på å dra opp byggekostnaden.

Dette er eit arbeid som bør vere ferdig før valet

13. august varsla klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen at han vil sette bygge- og anleggsbransjen på «utsleppskur».

Heilt konkret foreslår Klima- og miljødepartementet å gjere det mogleg for kommunane å innføre klimakrav overfor private byggeprosjekt.

I dag kan kommunane berre stille klimakrav i eigne bestillingar, og ikkje til anna bygge- og anleggsverksemd.

Dette vil bidra til auka etterspørsel og utrulling av utsleppsfrie løysingar, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

13. august varsla klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen at han vil sette bygge- og anleggsbransjen på «utsleppskur». No har han pappaperm.

Foto: Javad Parsa / NTB

Initiativet frå regjeringa kom etter ein serie innspel frå byggenæringa, som i lang tid har etterlyst strengare krav frå sin «klimapartnar».

Så seint som i begynninga av august skreiv NHO byggenæringa og Fellesforbundet eit felles brev der dei bad partnaren, altså staten, om å komme på banen.

Vi ber om at departementet set i gang ei hurtigutgreiing, heitte det.

Dette er eit arbeid som bør vere ferdig før valet, og som vil få ei brei støtte frå Noregs største fastlandsnæring.

Publisert 28.08.2024, kl. 06.03

Read Entire Article