Bråvending etter søk på Yr.no: – Kva skjer?

4 months ago 51


Når Karsten Warholm sesongopnar under NRK-sende Trond Mohn Games onsdag kveld, er det på den utradisjonelle distansen 300 meter hekk.

Avgjerda om å springe blei tatt berre to dagar før stemnet i Bergen. Eit raskt søk på Yr.no blei utslagsgivande.

– Det er jo heilt sinnssjuke forhold her. 27 grader! Kva skjer? seier Warholm mens han møter NRK ikledd ei sommarleg skjorte.

– Vi var først litt skeptiske. Det er Bergen og vêr, og det var vanskeleg å gamble på det. Det var meld 12–13 grader på eit tidspunkt, men plutseleg var det 27 grader og fine vindforhold. Da var det plutseleg interessant, seier han om vurderinga.

Sjå Trond Mohn Games på NRK 1 frå kl. 18.

været

Nektar å la seg skremme

Endeleg er sunnmøringen ute av vinterdvale, etter fleire månader med knallhard trening. Frå sidelinja har han sett konkurrentane opne sesongen med eit brak.

  • 10. mai: Alison dos Santos klinket til med 46,86 på 400 meter hekk under Diamond League-stemnet i Doha.
  • 18. mai: Rai Benjamin følgde opp med 46,64 i Los Angeles.

Aldri før har brasilianaren og amerikanaren sesongopna raskare. Benjamins løp er også det raskaste løpet i historia sprunge i mai månad. Supertidene har ikkje gått upåakta forbi hos Warholm.

Eg er eit konkurransemenneske og vil sjå kva eg skal opp mot. Samtidig så er eg i ein fin posisjon der eg ikkje lèt meg stresse. Eg observerer det og eg blir skjerpa av det, seier sunnmøringen.

fasdfds

KONKURRENTAR: Alison dos Santos og Rai Benjamin.

Foto: NTB

Warholm er også rask med å påpeike at han sjølv sesongopna raskare i 2023 (46,52 under Bislett Games, 15. juni).

– Men lèt du deg imponere?

Ja, det er jo imponerande. Eg veit kva som skal til for å springe så fort, så sånn sett lèt eg meg imponere.

Men ikkje skremme?

Nei, eg prøver å la vere å bli skremt. Eg har sprunge fortare sjølv, men det viser at ein ikkje kan kvile på laurbæra.

Nei, er det noko hjelp i det? Viss det hadde hjelpt å bekymre seg, burde folk drive mykje meir med det, supplerer trenar Leif Olav Alnes.

Kopierte eigen rekordstart

Det er sjeldan at 300 meter hekk står på programmet. Warholm har berre sprunge distansen to gonger – den eine gongen blei det bestenotering i verda.

For midt i pandemien, nokre månader før OL i Tokyo i 2021, langa han ut frå blokkene på Bislett stadion. 300 meter og sju hekkar seinare viste klokka 33.26.

Ingen har nokon gong sprunge distansen fortare.

SM0fzw8gkHU

TOMT: Warholms bestenotering var det få som fekk oppleve live.

Foto: NTB

Det same gjeld Warholms verdsrekord på 400 meter hekk, 45,94 sekund. Kuriøst nok runda han 300 meter på 33,26 i dette løpet òg.

Det er eigentleg ein veldig bra rekord gitt føresetnadene, men kven veit, seier han om moglegheitene til å senke eiga bestenotering på 300 meter hekk onsdag.

Trur du konkurrentane vil bli skremte av løpet ditt i Bergen?

Eg veit ikkje kva som går føre seg inne i hovuda deira, eg har liksom aldri spurt. Forhåpentleg lèt dei seg imponere, seier han og gliser breitt.

Ser du hvem dette er? 01:03

Publisert 22.05.2024, kl. 06.28

Read Entire Article