Bratt oljeprisfall

2 months ago 16


3. september 2024 kl. 13:14

Oljeprisen har falle bratt etter like før klokka 11 tysdag.

Eit fat nordsjøolje (brent spot) blir handla for 75,54 dollar klokka 13.10, nær to dollar ned i løpet av eit par timar.

Det er ein nedgang på 2,21 prosent sidan midnatt. Det er også den lågaste prisen sidan desember.

Fredag starta oljeprisen å falle brått, etter at fleire meldte om at oljekartellet OPEC som planlagt truleg vil auke oljeproduksjonen i oktober – og tilføre marknaden 2,2 millionar fat per dag.

Skulle dei gjere det, anslår fleire analytikarar at oljeprisen vil ligge på rundt 60–70 dollar fatet i 2025.

DNB Markets trur ikkje OPEC kjem til å auke produksjonen med såpass mykje, fordi veksten i etterspurnaden etter olje ikkje er så sterk, samstundes som produksjonen utanfor OPEC framleis held seg sterkt oppe.

«Sjølv utan produksjonsauke, forventar vi at prisen held seg relativt flat på 77 dollar fatet i 2025», skriv DNB Markets i ein rapport.

Read Entire Article