Bøndene tok grep for å unngå konflikt i beitesesongen

3 months ago 29


– Vi får ein meir effektiv kvardag, dyra får ein rolegare beitesesong med mindre stress og frykt, samstundes kan vi gi ei auka tryggleik for hyttefolket og andre turistar i området.

Det seier Pål Egil Rønn. Han er bonde, men driv også hytteutvikling og hotellverksemd på Gålå i Sør-Fron kommune.

Her er det ifølgje kommunen rundt 750 hytter. Om sommaren er det også fleire hundre beitedyr i området.

Det kan føre til konfliktar, men før beitesesongen kom i gang, tok bøndene grep.

Dei gjekk til innkjøp av nye klaver til dyra med Nofence-teknologi.

Det fungerer slik at bonden kan, i ein app, markere område på kartet der dyra ikkje kan gå. Til dømes kan dei gjerde inn eit hyttefelt virtuelt.

Kyr på beite med nofence på Gålå

Teknologien i denne boksen på klaven til kua, gjer det enklare for både bonden, dyra og turistar i området, meiner bonden sjølv.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Om kua går innanfor det virtuelle gjerdet, byrjar det å pipe i klaven. Om ho framleis ikkje snur, får ho eit støyt.

I tillegg til at bøndene til ein kvar tid, så lenge det er straum på klaven, kan sjå kor dyra er, kan også hyttefolk og andre turistar gjere det same.

I appen kan ein sjå kor dyra er (dei kvite merkene) og kor dei har vore i det siste (dei lysegrøne flekkane). Her ser ein også eit virituelt gjerde rundt ei hytte.

FOTO: ALEKSANDR NEDBAEV / NRK

– Det gir auka fleksibilitet til oss bøndene, me også ein tryggleik for dei som ferdast her, seier Rønn.

– Om du ikkje liker å gå i nærleiken av kyr, har du moglegheita til å gå inn i appen og sjå kor dei går hen. Då kan du legge turen ein annan stad.

Ein stor kostnad

Trass fordelane, er det også ei ulempe. Kostnaden for ein slik klave frå Nofence, er høg, meiner bonden.

Ifølgje Nofence, som er ein produsent av slike klavar, kostar ein klave til storfe 3590 kroner. I tillegg må ein ha eit abonnement per klave som kostar 650 kroner i månaden det første året.

– Førebels er det gardbrukaren som tek dette, men eg meiner det ikkje er unaturleg med eit spleiselag på dei som kan ha nytte av dette.

Kyr på beite på Gålå utanfor ei hytte

Denne hytta har eit fysisk gjerde, men er også gjerda inn i appen med eit virtuelt gjerde slik at dyra ikkje skal gå for nært.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

For Rønn, som har 60 dyr med slike klavar, kostar det han altså godt over 250.000 kroner det første året, ikkje medrekna eventuelle tilskot.

– Vi må kome fram til løysingar som er meir robuste for at vi skal kunne ha dette i framtida.

Camilla Tagestad Iversen driv Gålå Alpin og Aktiv. Ho synest det er viktig å ha eit godt samspel mellom beitedyr, hyttefolk og andre som bruker fjellet.

Ho vil ikkje seie at beitedyra er eit problem i området, heller ei utfordring.

Camilla Tagestad Iversen

– Det skapar eit lite uromoment fordi gjestene våre kan bli utrygge.

Ho meiner folk må tilpasse seg beitedyra, og bruke teknologien for det den er verdt.

Camilla Tagestad Iversen

– Gå inn i appen og finn ut at du verkeleg ikkje treng å gå tur akkurat det er ein bøling i dag.

– Fjellet er stort, og det er mange moglegheiter til å få til ein fin tur utan å møte på dyr.

Johan Baumann og hunden

Johan Baumann har hytte på Gålå.

– Beitedyr er ein viktig del av naturbiletet. Det er bra vi har beitedyr, seier han.

Han var ikkje kjend med teknologien bøndene på Gålå har tatt i bruk.

– Men eg synest det er veldig fint. Vi skal jo leve saman med beitedyra, og det er greitt å vite kor dei er.

Hytteeigaren, som for øvrig er tidlegare idrettspresident og høgrepolitikar, synest dette er eit viktig framsteg.

Om han vil vere med på spleiselaget uttalar han seg ikkje om, men auka tilskot frå staten hadde vore på sin plass, meiner han.

– Dette er jo eit hjelpemiddel for samfunnet som bruker området, men dyrt for bøndene, seier han.

  • Regjeringa vil ha meir utmarksbeite, men det kan bli vanskeleg, meiner beitenæringa. Les kvifor her.

For lite i potten

Jorunn Stubsjøen er seniorrådgjevar på avdeling for jord og mat ved Statsforvaltaren i Innlandet.

Ho er positiv til eit slikt spleiselag.

– Alt som kan løyse konfliktar er veldig bra, seier ho.

Ho forklarar at det er mogleg å søke tilskot til investering i Nofence. Det inngår i den landsomfattande ordninga «tilskot til tiltak i beiteområde».

Jorun Stubsjøen hos Statsforvalteren i Innlandet

Jorunn Stubsjøen ved Statsforvaltaren i Innlandet skulle gjerne hatt meir pengar å gi i tilskot til bønder som vil investere i elektronisk overvaking av dyra.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

I Innlandet får Statsforvaltaren mellom 3,5 til 4 millionar kroner kvart år av landbruksdirektoratet til ordninga. Dette fordeler dei på alle dei 46 kommunane i fylket.

Men pengane strekk ikkje til.

– Vi har avgrensa midlar. Kvart år ber vi om auka ramme og får ei lita auke kvart år. Men alle kommunane bruker stort sett opp midlane dei får, og har mange søknader på vent.

Kyr på beite med nofence på Gålå

Bunken med søknader om tilskot til elektronisk overvakingsutstyr i kommunane aukar, ifølgje Statsforvaltaren.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

I fjor gav kommunane i Innlandet i overkant av 2,2 millionar kronar i tilskot til bønder som ville investere i Nofence. Dei fekk 106 søknader om tilskot til elektronisk overvakingsutstyr, og godt over halvparten av dei gjaldt Nofence.

– Det er eit stort behov for auka investering i elektronisk overvaking, seier seniorrådgjevaren.

NRK har bedt Landbruks- og matdepartementet om ein kommentar til saka. Dei har ikkje svart.

Beiteretten trumfar

Elisabeth Gjems er leiar i Innlandet bondelag, og har inntrykk av at stadig fleire investerer i Nofence. Ho brukar det sjølv på sine dyr.

– Ein har mykje større moglegheit til å utnytte fôrressursar i skog og mark, det er kjempebra.

Elisabeth Gjems Innlandet Bondelag rundballer til sjøs

Leiar i Innlandet bondelag, Elisabeth Gjems.

Foto: Carl Anders Brynildsen Sørheim / NRK

– Også er det klart at beiterettsspørsmål kan få ein annan innfallsvinkel når ein får teknologi som gjer at folk nyttar utmarka på ein annan måte.

Ho siktar til dømes til at andre kan forvente at ein held dyra borte frå område, sjølv om ein har beiterett der.

– Her vil det ligge ein del spørsmål som vi nok må sjå nærare på i framtida.

Pål Egil Rønn, bonde og hotelldriver på Gålå

Bonde, hytteutviklar og hotelldrivar Pål Egil Rønn, er tydeleg på at dyra har beiterett i området, sjølv om han no kan styre meir kor dyra går.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Bonden på Gålå er tydeleg på at fritidsbebuarar og turistar ikkje skal kunne styre kor dyra går.

– Dette skal ikkje på nokon som helst måte påverke eller innskrenke beiteretten og allemannsretten, seier Rønn.

  • Det er full strid om kor lang sommarferie norske kyr skal ha. Les kvifor her.

Publisert 19.08.2024, kl. 14.58

Read Entire Article