– Dette er eit avgjerande augeblikk. Truleg den beste, kanskje den siste, moglegheita til å få heim gislane og få til ei våpenkvile og setje alle på ein betre veg mot varig fred og tryggleik.
Det sa utanriksministeren til USA, Antony Blinken som er på besøk i Israel for å få på plass ei våpenkvile mellom Israel og Hamas, melder nyheitsbyrået AFP.
Dette er den niande reisa til Blinken i Israel sidan krigen byrja i oktober 2023.