Blei knivstukken fleire gongar i magen – måtte fjerne eit organ

3 months ago 22


– Det er god grunn til å tru at den eller dei som stakk fornærma med kniv gjorde det med visse om at knivstikka mest sannsynleg ville medføre dødsfall.

Det sa dommar i Trøndelag tingrett, Eirik Lereim under fengslingsmøtet søndag.

Fornærma skal ha blitt stukken fleire gongar i magen med kniv natt til. Utan legebehandling kunne fornærma ha døydd, forklarte Lereim i retten.

Fornærma måtte fjerne eit organ i magen.

Totalt er tre menn i 20-åra sikta og varetektsfengsla for drapsforsøket.

Ropte «snitch» før knivstikkinga

Det var natt til søndag 11. august at ein mann i 20-åra blei knivstukken på open gate i Trondheim. Det heile skjedde medan det var mange folk i gatene.

– Denne typen vald ser me med stort alvor på. Og gjer truleg noko med folk si tryggleikskjensle.

Det seier politiadvokat John R. Sødahl Furunes til NRK.

Det skal ha blitt ropt «snitch» like før knivstikkinga, legg han til.

Politiet har ei hypotese om at knivstikkinga er ei gjengjeldingshandling.

– Nokon har sagt noko til politiet som andre meinte dei ikkje skulle ha sagt, forklarar politiadvokaten.

Søndag blei ein 21 år gammal mann varetektsfengsla i fire veker med brev-, besøk- og medieforbod, og to veker i full isolasjon.

21-åringen erkjenner ikkje straffskuld og har ikkje forklart seg for politiet. Han ønska heller ikkje å forklare seg i retten.

Frå før er to menn i 20-åra også varetektsfengsla i fire veker.

Sikta prøvde å gøyme seg frå politiet

– Me trur ganske sikkert at han tredje sikta som blei varetektsfengsla i dag, bevisst forsøkte å gjere det han kunne for å ikkje bli pågripen av politiet.

– Han forsøkte å stikke av frå straffeforfølginga, legger Furunes til.

Alle tre har vore etterlyste av politiet etter drapsforsøket i Trondheim sentrum natt til søndag 11. august.

Onsdag denne veka blei to av dei pågripen og deretter varetektsfengsla i fire veker, medan 21-åringen framleis var på frifot.

Han blei så etterlyst både nasjonalt og internasjonalt og Trøndelag politidistrikt gjekk fredag kveld ut med offentleg etterlysing av 21-åringen.

– Han prøvde å halde seg skjult og enda då opp i Lillestrøm kommune, seier politiadvokaten.

Politiet arresterte mannen natt til laurdag i Lillestrøm kommune.

– Veldig alvorleg sak

Torsdag blei dei to andre mennene varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod, og to veker i full isolasjon for begge to.

Under fengslingsmøta blei det også kjent at politiet meiner at den skada mannen blei knivstukken.

– Dette er ei veldig alvorleg sak. Politiet ser med stort alvor på at ein person blir stukken med kniv på open gate i Trondheim.

Det sa Furunes då.

Furunes opplyser at både dei tre sikta mennene, samt mannen som blei skadd, er kjent for politiet frå før.

– Hendinga verkar ikkje som tilfeldig, sa han tidlegare denne veka.

Politiet har ikkje gjort beslag av noko kniv.

Fleire skal ha hjelpt til

Fredag ettermiddag arresterte politiet ytterlegare to personar, sikta for å ha hjelpt og skjult personar etter drapsforsøket. Pågripinga skjedde på Tiller i Trondheim.

Dei to personane som blei pågripen fredag er ikkje sikta for å ha deltatt på noko fysisk vis i forbindelse med drapsforsøket 11. august.

– Men dei er sikta for å ha hjelpt til personar som har forsøkt å unndra seg straffeforfølging, seier Furunes.

De to skal ha hjelpt og skjult fleire av personane som er siktet for drapsforsøket, opplyser han.

Publisert 18.08.2024, kl. 15.39 Oppdatert 18.08.2024, kl. 15.55

Read Entire Article