Antony Blinken: – Kan vera siste sjanse for våpenkvile

3 months ago 18


Måndag møter Blinken med Israels statsminister Benjamin Netanyahu, forsvarsminister Yoav Gallant og president Isaac Herzog, for å halda fram forhandlingane om våpenkvile på Gaza.

– Dette er kanskje siste sjanse til å få gislane heim og til å få på plass ei våpenkvile, sa Blinken då han møtte Herzog.

Jørgen Jensehaugen er seniorforskar ved fredsforskingsinstituttet Prio og har følgt Midtausten tett i nesten tjue år. Han seier Blinkens utsegn vitnar om at det hastar med ei våpenkvile.

– Og då er det viktig for USA å legge press på at, då må ein få til denne avtalen, så ein ikkje får ei regional eskalering, seier han.

Jørgen Jensehaugen

Prio-forskar Jørgen Jensehaugen har følgt Midtausten i nesten tjue år.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Netanyahu med nye krav

USAs president Joe Biden sa sundag at ein avtale «framleis er mogleg», og var optimistisk til forhandlingane. No seier forsvarsminister Blinken at det kan vera siste sjanse, men Hamas og Israel ueinige i kven som hindrar våpenkvila.

Hamas har sagt at avtaleforslaget USA la frem i mai er akseptabelt for dem. De israelske forhandlerne har i flere måneder forsøkt å få statsminister Benjamin Netanyahu til å gå med på den avtalen, ifølge israelske medier.

Men han har lagt fram nye krav, som ikkje var ein del av den opphavlege avtalen.

Philadelphi-passasjen

Det er Philadelphi-passasjen, på grensa til Egypt, som Netanyahu vil halda fram med å ha kontroll på. Bilete er tatt i januar.

Foto: MAHMUD HAMS / AFP

Netanyahu vil mellom anna at grensa frå Gaza til Egypt – kalla Philadelfi-korridoren – skal forseglast. Det var aldri ein del av det amerikanske forslaget, og møter også motstand hos Netanyahus eigne forhandlarar, skriv The Times of Israel.

Hamas avviser dei nye krava til Netanyahu, og vil halda seg til avtalen USA la fram i mai.

– Det er nok ei eksempel på noko som har vore eit mønster i desse våpenkvileforhandlingane. At Netanyahu er mindre villig til å inngå ei våpenkvile enn rågivarane hans. Og at han personleg er eit av de store problema i forhandlingane, seier Jensehaugen til NRK.

Mossad-sjef David Barnea og Shin Bet-direktør Ronen Bar er blant dei som kritiserer Netanyahus nye krav til våpenkvile, ifølge lekkasjar i israelske medium.

Det opphavlege forslaget til våpenkvileavtalen, forhandla i mai, gjekk ut på ei våpenkvile i tre fasar. Det skulle først vera ein stans i kampane i opp til seks veker, ei utveksling av israelske gissel mot palestinske fangar og naudhjelp skal inn på Gazastripa. Neste fase inneber ei meir permanent våpenkvile.

Publisert 19.08.2024, kl. 09.29

Read Entire Article