Ein lang og ein kort visar på ei skive med tal. På til dømes skular og togstasjonar er det slike klokker som fortel oss tida.
Men det er ei utfordring. Mange unge har inga aning om kva den lange og den korte visaren på urskiva tyder, meiner Hege Svensson.
Ho eig og driv ein butikk som sel smykke og klokker på Tista senter i Halden.
Det er stor interesse for klokker med visarar, også blant ungdom. Svensson fortel at spesielt ungdom som er aktive på TikTok, er veldig interesserte.
Klokkene sel som varmt kveitebrød.
– Men om du ser ei analog klokke og ikkje kan klokka, ja, da har du eit problem, seier Svensson.
For å hjelpe barn og unge inn i desse klokkene si verd, arrangerer ho no klokkekurs.
Ho håper mange vil delta, gjerne nokre som er litt eldre òg. Det er nemleg ikkje berre dei yngste som slit med å forstå dei «gamaldagse» klokkene; det gjer også folk langt opp i 20-åra.
Klokker vert smykke
– Vi merkar det når vi skal tilsetje. Mange har problem med å plassere visarane rett klokka 12.30. Dei veit kva 12.30 er, men ikkje korleis visare står.
Trass i at kunnskapen om visarar som viser tida manglar hos mange, er dei analoge klokkene på full fart tilbake.
Men kva skal folk med ei klokke dei ikkje forstår?
– Dei blir meir som eit smykke, seier Svensson.
Enklare med mobilen
Så har Svensson rett? Kan ikkje unge tolke kva visarane seier?
På gata i Fredrikstad meiner dei vi møter at dei har god peiling.
Adrian Rudi er ein av dei. Sjølv om han for det meste brukar mobilen til finne tida, er han ganske overtydd om at han kan klokka. Men er det heilt sikkert?
For kor står visarane når klokka til dømes er kvart over eitt?
– Begge står på tretalet, slår Adrian raskt fast.
Så ler han høgt.
– Nei, det vert jo feil! Der kan du sjå. Eg kan ikkje klokka heilt.
Og tre jenter i 20-åra meiner dei har full kontroll.
– Eg lærte klokka på barneskulen, men brukar mest den digitale på telefonen, seier Mihalina Siemaszko.
Venninnene hennar, Amalie Eriksen og Mathilde Rasmussen, fortel at dei òg kan klokka, men at dei sjeldan brukar ho. Det går i dei digitale utgåvene.
Amalia legg til at ho kanskje må tenke seg litt ekstra om når ho ser ei analog klokke. Det er så mykje enklare å berre sjekke mobilen.
Forstår du den "gamaldagse" klokka med visare?
Tavle, tusj og tal
Tilbake i Halden gjer Adrian Ditmansen seg klar for å lære vekk klokka. Han er 21 år gamal og jobbar i butikken til Svensson. Han lovar at han kan den analoge klokka til punkt og prikke.
– Eg lærte klokka på barneskulen, seier han.
Han trur årsaka til at mange unge ikkje forstår korleis dei analoge ura fungerer er at dei ikkje følgjer med i timane som handlar om tal og visarar.
Sånn er det ikkje med seks år gamle Nikoline Holberg Fremmegaard. Ho vil brått vere med på kurs, og krabbar opp i ein stol. Ho er klar for å lære om den vesle og den lange visaren.
Adrian tar fram tusjar og teiknar ei stor klokke på tavla.
– Kva er klokka her, spør han.
Nikoline nøler litt, men med hjelp frå læraren løyser det seg raskt. Klokka er tre.
Så fortel ho at ho eigentleg kan ganske mykje om visarar og at ho likar å lære.
– Det er gøy å vite kor mykje klokka er, seier Nikoline.
Publisert 28.08.2024, kl. 21.17