Viking rakna fullstendig
Viking leia 3–1 da det sto 97 minutt på kampuret. Men likevel tok dei ikkje med seg alle tre poenga mot Sarpsborg 08. – Me skal sjølvsagt vinne når me leiar så langt ut på overtid. Det er utilgiveleg det som skjer, seier Viking-kaptein Zlatko Tripic til TV 2. På eit frispark druste Sveinn Aron Gudjohnsen eit frispark i mål sju minutt på overtid. Da det var spelt 99 minutt utlikna Michael Opoku for Sarpsborg. Med siger hadde Viking fått ei luke på tre poeng ned til Bodø/Glimt på 2. plass, men med sju kampar att har dei berre ei luke på eitt poeng ned til Glimt, som også har ein kamp mindre spelt.
