Trump vil massedeportera migrantar

Donald Trump vil massedeportera migrantar frå Haiti i byen Springfield i Ohio, dersom han vinn valet. Det sa presidentkandidaten under ein tale fredag. Utsegna kjem etter at han i debatten mot Kamala Harris tysdag hevda at haitiarar i Springfield et kjæledyr. Styresmaktene seier utsegna sjokkerer lokalsamfunnet, og har ført til at byen måtte stenga skular grunna valdelege truslar. Både ordføraren og politiet i byen avviser Trumps påstandar. Det bur rundt 15.000 migrantar frå Haiti i Springfield, og dei aller fleste har lovleg opphald i USA. President Joe Biden sa fredag at Trumps utsegner må ta slutt. – Det må slutta, det han gjer, sa Biden.

Sep 14, 2024 - 09:30
 0