Slottet om tiltale: Opp til domstolane
Statsadvokaten har tiltalt Marius Borg Høiby for til saman 32 lovbrot, blant anna valdtekt og mishandling i nære relasjonar. – Det er opp til domstolane å behandle denne saka, og komme fram til ei avgjerd. Vi har ikkje noko legge til ut over dette, seier kongehuset i ein kommentar. Rettssaka mot Høiby blir truleg i midten av januar neste år.
