Robsahm snudde løpet – kom på knallsterk fjerdeplass i VM
Ida Amelie Eid Robsahm sprang inn til ein fjerdeplass under VM i fjelløp i Canfranc-Pirineos i Spania.
Løpet, som var på 45 kilometer, blei vunne av svenske Tove Alexandersson. Spanske Sara Alonso fekk sølv og britiske Naomi Lang sprang inn til bronse.
Robsahm var åtte minutt bak pallen. Noko ho ikkje hadde trudd då ho byrja å springe.
– Eg hadde ein dårleg følelse, og tenkte at dette blir ein tøff dag, seier Robsahm.
Men etter fyrste nedstigninga, byrja ho å kjenne at det gjekk bra. Ho henta inn plassar, og hamna til slutt på ein fjerdeplass.
– Det var ein veldig bra dag og veldig moro at det kan opplevast så tungt i starten og så snur det, og så blir det så bra som det blir.