OneWhale og Noah meiner Hvaldimir er skoten

I ei pressemelding opplyser organisasjonane OneWhale og Noha at dei er i ferd med å levera inn ei melding til politiet i samanheng med Hvaldimir sin død. Dei meiner kvalen er skoten og drepen. Førebels har Sør-Vest politidistrikt ikkje registrert saker som handlar om Hvaldimir, det stadfestar dei til NRK onsdag føremiddag. Kvalen blei funnen død utanfor Tananger i Rogaland laurdag. Den kjende kvitkvalen hadde runde hol i kroppen. Desse meiner organisasjonane kjem frå kuler. Veterinærinstituttet opplyser onsdag til NRK at obduksjonsrapporten framleis ikkje er klar. – Vi har ingen kommentar når det kjem til meldinga frå OneWhale og Noah. Vi kjem til å kontakta politiet viss vi finn noko i løpet av obduksjonen, som gir grunnlag for det. Vi har hatt ein dialog med politiet, seier Asle Haukaas, kommunikasjonsdirektør ved Veterinærinstituttet.

Sep 4, 2024 - 12:00
 0