Nye kostråd frå Helsedirektoratet

Helsedirektoratet har lagt fram sine råd for kva du bør eta for å ha ei sunn og god helse. Det er no sju kostråd. Det første rådet er å ha eit variert kosthald, velje mest mat frå planteriket og ete med glede. Frukt, bær eller grønsaker bør vera ein del av alle måltid. La grovt brød eller andre fullkornsprodukter vera ein del av fleire måltid kvar dag. Vel oftare fisk og sjømat, bønner og linser enn raudt kjøtt. Et minst mogleg tilarbeida kjøtt. Ha eit dagleg inntak av mjølk og meieriprodukt. Vel produkt med mindre feitt. Godteri, snacks og søte bakevarer bør avgrensast. Drikk vatn. Råda vart lagt fram av Linda Granlund, divisjonsdirektør folkehelse og førebygging i Helsedirektoratet, under Arendalsuka. Dette er dei første offisielle kostråda som Helsedirektoratet gir etter dei mykje omtala nordiske kostråda kom i fjor sommar.

Aug 15, 2024 - 14:00
 0