Nære ulykke under Toppidrettsveka – langrennsløpar krasja nesten med oter
– Oi, er det ein oter vi ser i vegbanen? Torleif Syrstad, det er så vidt han styrer unna ein oter!, seier NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn. Torleif Syrstad var nære ei ulykke under det 53 kilometer lange rulleskirennet i Toppidrettsveka. Ein oter lurer seg inn i vegbanen på Hitra, og Syrstad er berre ein halv meter frå å treffe dyret. – Det er litt av eit dyreliv på Hitra! legg ein overraska Bjørn til. Torleif Syrstad leia løpet i 19 kilometer, men har blitt henta inn av Emil Iversen når det er 33 kilometer att av løpet.
