Muntlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til statsministeren. Besvart: 14.05.2025 av statsminister Jonas Gahr Støre

For snart to år sidan stod alle partileiarane i ein debatt i Arendal, og dei vart bedne om å rekkje opp handa viss dei trudde at Noreg var på god veg til å nå målet om 55 pst. reduksjon av norske klimagassutslepp innan 2030. Det var det berre statsministeren som gjorde. Eg trur både statsministeren og mange her hugsar kva han svarte då han vart utfordra på det. Han sa: «Min hånd er ikke stusslig!» Det var morosamt sagt. Det er bra vi har ein statsminister med humor. Men bakteppet er jo ikkje spesielt morosamt, det er i grunnen alvorleg, og det er at norske klimagassutslepp vert kutta for lite og for sakte, og 2030 er endå nærmare no enn det var då. Rett før påske la regjeringa fram ei klimamelding. Det kunne vore ei anledning til å gje statsministeren rett. Det kunne vore ei anledning til å leggje fram ein truverdig plan for å kutte norske utslepp innan 2030, og deretter 2035, nok til å nå klimamåla våre. Det valde regjeringa ikkje å gjere. I staden gjekk regjeringa for å fjerne det nasjonale målet om klimakutt som statsministeren meinte han skulle nå, og grunngav det med at det har vist seg vanskeleg. Det nye målet som vart sett, kan ein i sin heilskap nå gjennom kvotekjøp i utlandet. Slik sett kan ein for så vidt òg alltid hevde at vi i rute til å nå det målet, for ein vert ikkje målt på faktiske kutt i Noreg. Regjeringa har allereie varsla kvotekjøp frå Usbekistan. Vi er altså i ein situasjon der vi i starten av stortingsperioden hadde ei regjering som skulle omstille Noreg og kutte utslepp i Noreg. No er det Usbekistan ein skal omstille. Statsministeren har, så vidt eg ser, to friske hender. Ingen av dei er spesielt stusslege, så spørsmålet er enkelt og greitt: Vil han igjen rekkje opp handa i den tru at vi er godt i rute til å nå målet om nasjonale utsleppskutt innan 2030?

May 16, 2025 - 14:00
 0