Minst 80 menneske drepne i eit åtak mot landsby i Sudan

Sudanesiske paramilitære styrkar drap minst 80 menneske i et åtak mot ein landsby søraust i det krigsherja landet, det opplyser augevitne og sjukehuskjelde til AFP. Åtaket skjedde i landsbyen Jalgini. – Vi fekk 55 døde og titals såra på sjukehuset på torsdag. 25 av dei døydde fredag, seier ei kjelde ved sjukehuset i Jalgini til nyheitsbyrået AFP fredag. Ein overlevande fortalde at dei paramilitære styrkane angreip torsdagsmorgon: – Tordagsmorgon angreip tre militære køyretøy Jalgini. Innbyggjarane gjorde motstand, noko som førte til at dei paramilitære trekte seg tilbake, men dei kom tilbake med fleire dusin køyretøy, sa mannen til AFP. Han tok med den skadde sonen til sjukehus, og fortalde at det på fredag framleis låg nokre lik i gata. Dei paramilitære har sidan 2023 kjempa mot den sudanesiske hæren. Desse kampane har fordrive om lag 726.000 menneske, ifølgje FN. Totalt har landet 10 millionar fordrivne menneske. Det føregår samtalar i Sveits for å få på plass ei våpenkvile i landet.

Aug 16, 2024 - 17:00
 0